Friminuttet

Friminuttet

Vårt eget lille paradis?

Ein super plass for å ta sej ei lita pause, -etter kvart i alle fall.

"Skigard"

Vert tilPosted by Cathrine Sat, March 15, 2014 01:03:08
Vi starta på eit gjerdeprosjekt for snart to veker sida, etter at det har vore på planen lenge. Ettersom vi har strevd med å bevare naturtomta så langt det har latt seg gjere ønskte vi noko som kunne passe inn til det, og kva funkar vel bedre enn ein skigard da :)

Etter å ha passert ein variant eg forelska meg i i området nær Stryn fleire gangar var valget ekstra enkelt.


Så vi starta opp med skjelettet. Siden heile området her stort sett er berg som berre er dekt med mose, med nokre groper med litt meir masse her og der var det eit must å bore ned jern for å feste staurane i. Og etter at det var gjort sikra vi alle jerna med ein vedakubbe, eller sikra jerna -det var vel rettare å sei at vi sikra at ingen skada seg på jerna.

Og så kom staur og stødig material opp som utgangspunkt til vidare gjerde, sikra nok plassar til å være stødig og tåle nokre vindkast.

Så begynte søket etter hesjastaur, så alt kan sjå naturlig gråna ut så raskt som mulig :) Og tilfong var vi så heldige å få av sambygdingar, nokre hadde rikelig i løda.


Så nedre del av tomta gjekk frå å sjå slik ut (over) til å bli heilt forandra (under).



Så etter å ha skrudd staur i tre økter vart vi veldig fornøgd med resultatet! Riktig koselig å sjå på og gå langsmed. Og når villkaprifolen kan få vekse litt i gjerdet vert det strålande. Men vi må selvfølgelig vente eit par, tre år på at den får etablert seg skikkelig :)


Og her er før (over) og etter (nederst) vidare oppover i bytet. Tenker mykje av den naturlige gråninga er gjort i løpet av ein sommer.