Friminuttet

Friminuttet

Vårt eget lille paradis?

Ein super plass for å ta sej ei lita pause, -etter kvart i alle fall.

Nydelig!!

OpplevingarPosted by Cathrine Fri, March 14, 2014 14:03:15

Nok ei nydelig helg i midten av oktober vart vi innvitert med på saudesanking på Raudøya av Mari og Arild. Nokre sauder skulle være igjen der ute og vart vaksinert, andre skulle i land og slaktast av ulike grunner. Dei vert bert ombord i båten. Men alle desse vert flotte skinnfeller som er klare til bruk neste vår :)


Utpå dagen tok vi kajakkane tilbake til hytta i det strålande været. Vi skulle nemlig være hundepassara resten av helga for Grom, hunden til bestemor og bestefar.


I sola på oppsida av hytta var det heilt ypperlig å sitte ute i gyngestolen og sy litt meir på fellen min :)


Kvelden kom med ein fantastisk solnedgong!! Tenk den som kunne ha festa heile opplevelsen på bilde, ikkje berre eit svakt inntrykk.


Og så oppdaga vi at vi tydeligvis ikkje hadde hatt flaske med kork hittil, for vinopnar hadde vi ikkje i skuffen enda. Men opp skulle den :)


Dagen etter var nok ein skjønn dag!!


Og som så ofte vart det ein liten tur ut på Yksnøya for å sjå om det var noken heime. Men det vart lite snakk, for der var ingen den dagen.


Og litt matauk ordna Narve mens Thor og eg koste oss i sola. Litt krabber i teinene hadde vi også.


Her ein liten vakker raring, den var så utrolig knallraud