Friminuttet

Friminuttet

Vårt eget lille paradis?

Ein super plass for å ta sej ei lita pause, -etter kvart i alle fall.

Ørnungen igjen :)

DyrelivPosted by Cathrine Fri, August 09, 2013 11:00:42
Vi har alltid vore heldige med å kunne få følge havørner her ute, men tidligare har det stort sett dreid seg om å sjå dei sveve over oss eller få følge fasinert med når dei er ned på Vindfarholmen og hentar seg ein fugleunge eller to. Med lyden av rasende måser som forsøker å jage den vekk og "eskortere" den/dei heim. Men dei siste åra har det vore større og nærare aktivitet. Eg har sett opp i 4 ørner ute og gli sammen.


Da vi kom ut på hytta for eit par dagar sida hørte vi ørneskrik da vi åpna bildøra, og det hørtes veldig nært ut. Gard rusla ein tur ned til Skogly og kom farande opp til bilen igjen, -ørna satt på taket der. Det var berre å kike bortpå fra bilen :) Vi fekk stå lenge og sjå på før den letta og etterlot seg ein liten snøbyge av dun.

Denne ørna har merking N 310.


Det var tydeligvis den store flyøvingsdagen, for ørna flaug stadig frå tak til tak med nokre runder innom tred på oppsida og nedsida av hovedvegen. Og var flittig til å sjekke inn med mor (?) som satt oppe i fjellsida eller gleid høgt over og fulgte med.