Friminuttet

Friminuttet

Vårt eget lille paradis?

Ein super plass for å ta sej ei lita pause, -etter kvart i alle fall.

Is

OpplevingarPosted by Cathrine Fri, March 14, 2014 18:45:25

Etter nokre gode kuldeperioder har isen frose flott til på vatnet med dei mange navna, alt etter kar ein bor kan det heit Tjørna, Ytrestøyltjørna, Gjøstøyltjørna og Håskjoldtjørne. Kjert barn har mange navn :) Og det er i alle fall samme vatnet alle meiner og flott er det der no i midten av januar!


Litt kunst på isen er kjekt, og om det ikkje var opplagt at eg har ein engel -er i alle fall beviset her ;)


Og kva om ein mangler kakeform når ein "skal" lage kake? Aluminiumsfolie er tingen.
Kake vart det i alle fall, og kjekt besøk hadde vi også :)


Ny dag -nye muligheter på isen!! Min favorittsyssel om vinteren, og da kan ikkje ein la annledninga gå fra sej. Til og med i nydelig sol etter kvart.



Og jammen hadde ein hest gått ned med haudet ned og føtene opp, ingen tvil i det når skoen stikk så vidt opp av isen ;)


Og ein stamp som var blitt ståande "heilt tilfeldig" full av vatn ute hadde frose nok til å bli ei stor islykt ut. Koselig å sjå ut på om kvelden.


God gammeldags domino i farta i helga, både til å spele med og til å stable.


Og selvfølgelig måtte det bli hyttebollar på søndag :) Kanskje vi skal ta med oss eit kjevle ut snart?


Ei flott helg på hytta, med turer innover for å nyte isen.







Forseinka julefeiring

OpplevingarPosted by Cathrine Fri, March 14, 2014 17:53:32

Siden Narve var på jobb i tre veker rundt jul og nyttår var det vel berre rett og rimelig med ein forsinka middag for han, og vi var ikkje vanskelig å be :)


Første oppgåve med å få klargjort pinnene ordna Gard og Helene :) Så var det berre å fylle panna med pinner, eineris, ribbe og vatn. Og mens julelukta fylte hytta vart resten klart til middagsbordet.



Etterpå var det på tide med litt aktivitet. Ein av dei store syslane er ulike stunt med to ekstramadrasser som tjukkas. Dei er stadig framme til glede for mange.


Det var visst også den store styrkeprøven denne helga, med formidabel innsats frå alle -også dei som held vinglaset ;)


Pause under bestemorteppet vart det også :)


Og kveldane går ofte med til litt monopol, underlig nok greier ej å bli loppa for penger og eigendommer til stadighet.



Thor og Narve utviklar dei så etterkvar kjente hyttebollane, ein riktig godsak :)


Juletre hadde vi selvfølgelig for annledninga, ei lita gran med vinternuppereller pynta opp "julebordet".





Bunkerane

OpplevingarPosted by Cathrine Fri, March 14, 2014 17:15:57
Første helga i januar her på hytta.


Thor og Cathrine ut på tur. Og sida vi alltid går barbeint her om sommeren ein selvfølgelig ha sokka i det minste no når det er januar ;)


Først opp i nokre tred før vi tok turen innom bukerane etter tyskerane under krigen.


Ikkje alle gangane har tak lenger men like kjekt å kike kvar gong likevell. Thor meiner klart at dette området har uant potensiale for spenning og fornøyelse, det burde være ein opplevelsespark!!


Og det er ingen sak å være mamma når eg har slike dyktige kjøkkensjefar :)


Og bruken av vindu under tv-kiking kan være eit studie i seg sjølv.


Heilt til eg til slutt vert oppdaga med fotoapparatet ;)




Nytt år

OpplevingarPosted by Cathrine Fri, March 14, 2014 16:21:34

Nytt år og dermed første tur i 2014, vart feira med litt knall og lys av gutta.


Alltid kjekt å tegne former med stjerneskudd.


Djup konsentrasjon



Vinterhelg

OpplevingarPosted by Cathrine Fri, March 14, 2014 15:51:53

Flott vær og helg igjen i begynnelsen av desember. Akebrettet var selvfølgelig flittig brukt.


På kvelden var det godt med avslapping på alternative måter.


Hmm, og heilt klart ny stil i sofaen. Doktor Proktors tidsbadekar er kjekk for små og store :)

Til frokost på søndag fekk vi arme riddara av Thor, for ein luksus!!!



Snø

OpplevingarPosted by Cathrine Fri, March 14, 2014 15:13:50

I midten av november fekk Thor den første aketuren her ute. Ikkje den heilt store snømengden, men nok :)


Og mens vi holdt på titta sola frem over ryggen ned fra Lidaveten :)




Innflyttingsfest

OpplevingarPosted by Cathrine Fri, March 14, 2014 14:45:48
Siste laurdagen i oktober hadde vi innflyttingsfest med alle som deltok på ulike vis i hyttebygginga, dei som hadde annledning i alle fall og deira bedre halvdeler ;)


Bilda har eg arkivert på ein så lur plass at dei ikkje er å finne, -men Egil Aamaas tok dette flott bildet da han kom :)

Helg igjen

OpplevingarPosted by Cathrine Fri, March 14, 2014 14:32:32

Klarvær og nysnø i fjella nest siste helga i oktober, ein virkelig blåtime.


Og Helene lagar skulebollane klare, etter litt venting synes Thor ;)



« PreviousNext »