Friminuttet

Friminuttet

Vårt eget lille paradis?

Ein super plass for å ta sej ei lita pause, -etter kvart i alle fall.

Her går det fort!

NaturPosted by Cathrine Thu, August 08, 2013 22:03:20

Etter å ha kost oss med lunsjen ute gjekk vi inn for å jobbe litt meir. Og det var litt av eit værskifte som kom!!! All molda, nysådd med kvitkløver, som Gard og ej hadde hatt utover nede atmed utedoen på formiddagen rann vekk i strie straumer da syndefloden brått kom over oss. Fasinerande, varmt i været og bråregn -som ein Østlandsskyll ;)



Fantastisk

NaturPosted by Cathrine Thu, August 08, 2013 21:52:04
På veg ut for å hente noke småtteri ein kveld hadde vi eit fantastisk lys!! Her er vi like før Sørheim.


Vel ute på hytta var synet magisk. Ingenting slår gjenskinet av himmelen i sjøen -slik at det ser ut som heile verda gløder!!



Solnedgang igjen

NaturPosted by Cathrine Thu, August 08, 2013 20:55:29


Får aldri sett meg mett ;)

Enda ein solnedgang

NaturPosted by Cathrine Wed, May 15, 2013 19:03:49
Laurdags kveld, etter å ha feira konfirmasjonen til Helene, oppdaga ho himmelen utover. Vi (Helene, Gard og eg) heiv oss i bilen for å sjå om vi kunne rekke den.


Vi vart dessverre for seine, men vi fekk med oss dei siste svake fargane som forsvann ned uti Eiksund i alle fall :)



Bonus

NaturPosted by Cathrine Wed, March 27, 2013 21:11:09
Helene og eg var ut for å rydde litt inne i hytta på søndag i sist veke. Og dette var bonusen Helene fekk foreviga mens vi var der ute