Friminuttet

Friminuttet

Vårt eget lille paradis?

Ein super plass for å ta sej ei lita pause, -etter kvart i alle fall.

Matauke

DyrelivPosted by Cathrine Fri, March 14, 2014 23:10:07

Narve rodde garn ut to dager første veka i mars og ordna fersk fisk til middag til oss :)





Ørnungen igjen :)

DyrelivPosted by Cathrine Fri, August 09, 2013 11:00:42
Vi har alltid vore heldige med å kunne få følge havørner her ute, men tidligare har det stort sett dreid seg om å sjå dei sveve over oss eller få følge fasinert med når dei er ned på Vindfarholmen og hentar seg ein fugleunge eller to. Med lyden av rasende måser som forsøker å jage den vekk og "eskortere" den/dei heim. Men dei siste åra har det vore større og nærare aktivitet. Eg har sett opp i 4 ørner ute og gli sammen.


Da vi kom ut på hytta for eit par dagar sida hørte vi ørneskrik da vi åpna bildøra, og det hørtes veldig nært ut. Gard rusla ein tur ned til Skogly og kom farande opp til bilen igjen, -ørna satt på taket der. Det var berre å kike bortpå fra bilen :) Vi fekk stå lenge og sjå på før den letta og etterlot seg ein liten snøbyge av dun.

Denne ørna har merking N 310.


Det var tydeligvis den store flyøvingsdagen, for ørna flaug stadig frå tak til tak med nokre runder innom tred på oppsida og nedsida av hovedvegen. Og var flittig til å sjekke inn med mor (?) som satt oppe i fjellsida eller gleid høgt over og fulgte med.



Siste ørnetilskuddet

DyrelivPosted by Cathrine Thu, August 08, 2013 21:24:30

Ein av dagane vi skulle heim igjen satt dinne ørnungen på vollen atmed vegen. Spennande for Thor og Gard å få sjå den så nært, mej også selvfølgelig ;)



Besøk

DyrelivPosted by Cathrine Fri, August 02, 2013 22:21:30
Mens Narve snekra, -som vanlig ;) fekk han uventa besøk.


Ein fugl var vel fornøgd med ein plass i vinduet ;)



Nyttårstorsken

DyrelivPosted by Cathrine Tue, January 01, 2013 15:03:24

Behovet for litt sjøluft melde sej sterkt så Narve hadde vore ute ved hytta og satt garn som vi dro på nyttårsaften. Det såg artig ut med det samme, -fullt av kråkebolla og sjøstjerner.


Men etter kvart dukka fiskane opp. Fire flotta torskar, en stor og tre flotte mellomstore. Ein av dei var ein skikelig raud og fin "juletorsk".



Eit par av dei vert årets første middag :)

Raring i garnet

DyrelivPosted by Cathrine Tue, August 28, 2012 21:22:25

I forrige veke fekk vi ein raring i garnet, ein St. Petersfisk. Den var flat som ei flyndre, men i motsetning til dei svømmer dei på høykant og har derfor symetrisk ansikt/haud. Den laga ein underlig knurrelyd.


Vi fekk den heil ut av garnet og hadde den uti igjen. Den var litt av eit skue der den bølga med finnene bak som ei flyndre, gispa etter luft og tok sats, hoppa og spratt. Vi fulgte ivrig med ei god stund.


Navnet sitt har den visstnok fått pga den mørke flekken den har på sida. Det er etter gammel tro St. Peters fingermerke :)

Havørn

DyrelivPosted by Cathrine Wed, August 22, 2012 20:02:29
I dag vart vi møtt av eit uventa syn da vi skulle sving ned til hytta. Midt på marka satt ei diger ørn. Den satt stilt ei god stund slik at vi kunne komme oss nærare med bilen. Ej gjekk ut og fekk tatt nokre bilder av den også. Den letta og satte sej igjen fleire gongar, før den til slutt letta og flaug sin vei.

Dette er det næraste vi noken gong har vore ørner her ute. Vel er vi vant til å sjå dei ofte der dei flyg mellom reira sine oppe i fjellet over oss og ein liten holme her ute der dei forsyner seg av fuglar som lever der, men at dei setter seg til her nede er ein førstegongsoppleving. I sommer har vi i grunnen bemerka at dei er å sjå mykje lavare nede i fjellsida enn vanlig, sittande i tretoppane og skue utover, og vi har lurt litt på om det er reir lenger nede i sida i år. Og på fisketur for to dagar sida oppdaga vi ei ørn i toppen av eit tre heilt nederst i strandsona og var vel fornøgde med å få sjå ei så nære da, -men dette her slo alt.


Det var ei skikkelig stor ei! Og vi har lest oss fram til at dei vert 80-100 cm med eit vingespenn på 240 cm, så det var ikkje rart at det var ein majestetisk fugl å ha så nære (om du vil sjå bilda under i større utgåve er det berre å trykke på eit så vert dei større under dei små)


Den er dessuten ringmerkt. Eit blått band på høgre fot og eit mørkt med inskripsjonane N 014 på venstre.


23.august: Eg sende ein mail i går om det vi hadde sett til Alv Ottar Folkestad sida han sit som leiar for eit havørnprosjekt. I dag fekk ej ein kjekk mail tilbake med ei veldig overrasking!!!

Ørna er ei hoe som berre er drøyt 15 veker gamal!! Og så stor da!! Og det fekk vi ei god forklaring på i mailen, for ungane har nemlig ca. 2,5 cm lenger vingefjør og inntil 5 cm lenger stjertfjør enn dei vaksne.Dermed får ørnungane breiare vinger og lenger stjert enn hos vaksne, dessuten er hoa større enn hannen. Så ei hoe årsunge havørn gir dermed det mest imponerande inntrykk av storleik blandt alle havørner.

Vanligvis er ho-ungane flygedyktige etter ca. 12 veker. Like etter at dei forlet reiret søker dei ofte ned mot sjøen, og i områder med mykje og tett skog landar dei gjerne på opne område da dei er inne i ei viktig læreperiode for først å fremst å lære sej å bruke vingane, utnytte vind og luftstraumer. Men selvfølgelig også å lære seg kva som er farlig. Vert dei skremt slik at dei flyg ut over sjøen og forsøker å lande der kan dei lett drukne. Og dei er tunge og treige i reaksjonen enno, så sit dei på veg og vegkant er det fare for at dei vert på køyrde da dei selvfølgelig ikkje veit kva ein bil er. Så det er viktig å vere varsame og ikkje skreme dei opp.

Og når det gjeld ringmerking hadde denne vorte ringmerkt av Alv Ottar tidligare i sommer da den var knapt sju veker, da det har pågått eit internasjonalt ringmerkingsprogran sidan 1976. Ringen på høgre viser til landet den er merkt i, blått er fargen for Norge. Og på venstre fot er ein identitetsring med ei nummerkode, så her er N for Norge og 014 er eit løpenr som er registrert for å kunne vite kvar fuglen kjem frå. Ringane er i aluminium og sit på livet ut, inntil 30-40 år.

Så da er det altså ikkje noke galt med ørna, slik vi nesten hadde begynt å lure på etter at vi fekk høyre at ein kompis traff på ei ørn sittande på vegen rett oppom den marka vi såg denne på. Det er rett og slett berre ein naiv ørneunge som forsøker å få kontroll på flyginga :) Og vi håper selvfølgelig det går bra og er spent på om vi får sjå den igjen nokon gong. I dag såg vi i alle fall to ørner som var ute sammen, dei sirkla oppe i fjellsida som vanlig. Det er i alle fall fantastisk kjekt og alltid like underholdande å følge med på ørnene her ute!