Friminuttet

Friminuttet

Vårt eget lille paradis?

Ein super plass for å ta sej ei lita pause, -etter kvart i alle fall.

Steingard

Grøn gledePosted by Cathrine Fri, March 14, 2014 12:53:31

Det kan være godt med trekk (-eller det heiter vel egentlig vind) her ute. Og for å få litt le fann Narve ut at han skulle fikse ein steingard :)

For ei lykke når eg er gal etter stein! med god hjelp av storbrytaren kunne han bruke litt anna enn berre lettstein ;) Garden er ikkje høgre enn ein knapp meter men gir super le og koselig atmosfære



Småslått

Grøn gledePosted by Cathrine Sat, July 13, 2013 13:18:36

Thor svinger ljåen ei stund i skråninga oppom hytta.

Ute

Grøn gledePosted by Cathrine Sun, May 26, 2013 19:02:31
Eg har brukt nokre "ledige" timer på å begynne å ordne ute. Der går ein bergrygg på skrå nedom hytta, den var dekt av mose og lyng. Da arbeidet med å grave, sprenge og klargjere området som hytta no står såg vi på denne ryggen og gledde oss -spess eg som er lettare steingal ;) -til å få kle av dette berget. Planen var da å berge mosen og lyngen best mulig og bruke den til å dekke over ulike sår. Så dobbel glede altså!


Og det arbeidet har eg endelig begynt på :) Slike omveltande prosjekt er nokre av mine favorittar -å sjå kor ein best mulig kan nytte og disponere resursar som ligg der og ventar. Har derfor løfta av alt i så store flak som eg fekk til og lagt over mest mulig av områda med pukk, grus og grums. Men under flaka har eg selvfølgelig fylt på med den jorda som eg har greid å skave av i sprekkene i berget, lyngen har størst sjanse til å etablere seg godt igjen i den molda den vaks i naturlig ;)


Vi hadde fra før lagt ut ei steinrås å trø på fra hytta og ned til utedoen. For å ødelegge minst mulig av lyngen i kombinasjon med at her også ligg trekkerøret for straum ned til utedoen. Da er det ingen fare for at vi er uheldige å lage hol i det. Det er nemlig såpass grunnt ned til berget at det er ikkje så lett å få trekkerøret særlig langt nedi fleire plassar. Alle område med lyng har heile tida vore freda for å unngå mest mulig trakk fram til vi får definert kar vi vil ha råsene. Vi er alle veldig lystne på å få fortsette å plukke blåbær, skogkløver og anna smacks!


Eit område på tomta hadde store flotte bregner. Eg grov opp fleire og satt dei på ein trygg plass, -trudde eg. Men so vel gjekk det altså ikkje. Vi måtte nok maltraktere meir enn eg ønskte meg. Men før helga var eg på "tjuvraid" og skaffa meg nye bregner ;) Eg fekk planta dei så nært opp til det tidligare bregneområdet som mulig. Der stod dei en gong i skyggen av alle treda, no står dei i skyggen av hytta. Spent på kor godt det fungerar å flytte såpass store bregner, i tillegg har eg forsøkt meg på kun vatning frå naturens side. Dei skal få skjule steinane vi har lagt for å få ein flat passasje rundt heile hytta, den har vi ein plan for etter kvart. No gjenstår det berre å ha tålmod eit par år for å sjå om alt etablerar seg som eg håper.



Plantetid

Grøn gledePosted by Cathrine Sat, May 04, 2013 22:14:44
Våren er som kjent plantetid, og på ein nyherpa hyttetomt er det ingen unntak. Forrige fredag starta vi så smått årets planar om å få føre naturen tilbake i dei områda som er "ødelagt".

I nedkant av tomta var det eit nokså breidt felt med skytestein, felte tre og skat frå veien inn i feltet vart laga for nokre år sida. Dette var blitt lempa opp nederst med oss så der var naturen allerede ødelagt. Vi rydda opp i det kaoset samtidig som vi fekk grove ut for hytta i fjor, og gjorde også det beste vi kunne for å berge vår del av ein delvis vekkskoten knaus der nede med å få flytta dit nokre enorme steinar frå det øverste skiktet av grunnfjellet der vi måtte sprenge ut for hytta vår. Steinar med mest mogelig av dei naturlige artige rennene og gropene i, for å hindre det aldeles oppsprekte berget der nede fra å rase heilt ut. Dermed klarte vi å behalde mykje naturlig lyng og anna vegetasjon :)


Oppom desse steinane er det no berre grus og nokre grove heller frå berget der hytta no står. Der er også nokre groper som vart satt igjen med ein plan om å kunne hente al frå tred og busker dit. Målet med det heile er å bruke så mykje som mulig av dei artane som naturlig veks i området for at alt med tida helst skal sjå ut som det ikkje er gjort noke særlig med inngrep. Vi skal prøve å halde oss unna for mykje faunakriminalitet!


Thor og ej var derfor klare til å sette litt liv i nokre av gropene. Vi fylte i ei salig blanding av mold frå lenger opp i tomta, sand og sagmask (til kompostering).


Deretter henta vi nokre al av svartor som har sådd seg sjølv i ei tomt som snart skal romme eit fellesnaust, da vert dei likevell gravd vekk -så dermed kjem dei til større nytte hos oss ;) Litt mose måtte vi sjølvsagt også transplantere med.


I dag såg eg at skudda var på veg til å opne seg, så da har dei i alle fall greid flyttinga bra :)

"La lykken gro..

Grøn gledePosted by Cathrine Mon, April 01, 2013 10:37:10
som graset bak do" -eller rettare sagt rabarbraen bak utedoen ;)



Vart litt forbausa da eg kika bak utedoen på påskeafta og fann at rabarbraen hadde begynt å kike fram! Greit at eg har hatt vår i tankane lenge, men hadde rekna med at eg måtte vente litt til :)

Sol

Grøn gledePosted by Cathrine Mon, February 25, 2013 14:28:07
No når sola har komt for fullt her ute, -godt utpå dagen riktignok, og gir ein skikkelig følelsen av vår er det vel på tide å legge ut dei solgule blomsterbilda ej tok i tomta i september ;)


Tidligare har dei kvite vorte lagt ut her og dei rosa/lilla her

Barfrost

Grøn gledePosted by Cathrine Sun, January 13, 2013 18:32:50
Mens barfrosten lager vakkert rim ute kan ein vel mimre litt over vakre sarte "snøtona" blomster, dei er frå fotorunden min i tomta i september.


Dei blå og rosa frå samme runden er her.

Fant syndaren

Grøn gledePosted by Cathrine Sun, September 09, 2012 19:22:04
For ei stund sida, mens ej grafsa utover pukk og grus atmed hyttemurane kjende ej ein sterk eim som var umisskjennelig lik eit dyr som hadde vore der og skvetta.

Men for nokre dagar sida skulle ej hjelpe Gard litt med eit naturfagprosjekt, å artsbestemme nokre planter. Og der ved ein tilfeldigheit ramla ej innom ei side med omtalen av ein yndig storknebb ej he verna om på kanten av berget atmed hytta.


Den skjønne lille blomsten er ein stankstorknebb (Geranium robertianum). Det er ikkje berre blomtrane men heile planta er illeluktande. Planta vert 15-40 cm, eit eller to år, er småhårete med ein raudaktig stilk, blomtrane er 10-15 mm . Tidligare har den vore brukt mot indre blødningar fordi dei ein gong trudde den raude stilken hadde effekt mot blødningar.

Så det var altså ikkje eit dyr som hadde vore på ferde, men det er rett og slett ein liten yndig sak. Skinnet kan virkelig bedra!!

Og da vi var utom ein tur for å rydde unna isoporrestar og kose oss med Thor sin seigemannsjokoladekake og spele slåball fekk ej også ha mej ei lita stund med micro-objektivet på fotoapparatet. Dermed vart det bilder av litt blomster i dag, deriblandt storknebben over. Det er herlig kor mange planter som fortsatt blomstrar no i september.


Her er dei rosa og lilla som ej fant i tomta i dag i tillegg til stankstorknebben, det var vanlig hønsegras, krattmjølke, blåknapp og fiol.

Next »