Friminuttet

Friminuttet

Vårt eget lille paradis?

Ein super plass for å ta sej ei lita pause, -etter kvart i alle fall.

Spisebordet

Vert tilPosted by Cathrine Fri, March 14, 2014 11:29:02
Nokre dagar før ferdigattesten var det på tide å tenke på spisebord. Det var fiksa på ein tur innom gjenbruk. Dei hadde ingen store bord, men eit med ekstra plater funka utmerket. Narve lagde nye vangar på langsidene og det vart montert slik at ileggsplatene står i permanent.
Så gjekk eg laus med kvitfargen og kamuflerte alt det brune :) Og i midten av august kom spisebordet på plass med nymala stoler rundt. Stolane er sanka over fleire år, og er eit resultat av arvegods og div. funn.





Hemstrappa

Vert tilPosted by Cathrine Fri, March 14, 2014 11:21:39
Trapp til hemsen vart påbegynt i midten av august, det vil sei at Narve hadde allerede limt til material til passe trinndjubde, saga til og malt alle trinna heime i garasja. Så no var det montering.


Thor testa underveis at det funkar fint med dei ulike djubdene på trinna, og bredda er der fordi vi har ein liten plan :)

For etter kvart skal heile samlinga med Donaldpocket ut på hytta og få plass her, så no har dei berre testa litt.





Ferdigattest

Vert tilPosted by Cathrine Thu, August 29, 2013 13:29:44
Fantastisk!!!


I dag fekk vi ferdigattest :)

Enda vi har ein drøss med bilder vi enda ikkje har lagt ut, som no skulle ha komt først -hopper eg elegant over disse så lenge!! Dette var kjekt :) Og all honnør til Volda kommune, dei er fantastisk effektive. Etter å ha strevd med evigheitslang behandlingstid i Ørsta tidligare har dette vore ein super oppleving. Igangsettingsløyvet tok under tre veker (og det sjølv om vi måtte ut med ekstra nabovarsel i løpet av den tida) og ferdigattesten tok to dagar å få behandla!!!

Dette vert ei kjekk helg :) Er vel ein viss fare for at det sprett ei sjampanjekork snart!!!

Også kjem bilda som ligg på vent etter kvart ;)





Fyr og flamme

Vert tilPosted by Cathrine Sun, August 11, 2013 22:43:58

I dag testa vi ut om alt funka strålande med vedovnen, og det gjorde det selvfølgelig :)

Benken

Vert tilPosted by Cathrine Fri, August 09, 2013 11:16:30
Narve har også jobba vidare på benken, den har no fått felta med panel og stikkontakter.


Og etter at dette bildet var tatt har den også fått på plass lister, manglar berre ein profil oppe for å stå i stil med finishen på trappa og rundt plata under vedovnen. Men det var tomt på butikken..



Milepel

Vert tilPosted by Cathrine Fri, August 09, 2013 11:12:48

Ting er i ferd med å ta en ende ;) På tirsdag var elektrikarane (Elektroservice) heilt fiks ferdig i hytta , alt er no i skjønnaste orden med det!

Og på onsdag var rørleggarane (ØB Rør) også ferdig. Til og med dolokket vårt var komt på plass :)


Og vi hadde selvfølgelig ikkje kjørt tomhendte utover, med på lasset var nokre store ting vi var gått i metning på å ha i stova etter at ej hadde gått laus med tjengemaskin. Og gutta var ikkje seine med å teste etter at møbelknottane var komt på plass




Trapp ++

Vert tilPosted by Cathrine Thu, August 08, 2013 22:38:12

Narve har snekra trapp mellom nivåa i hytta (stova og gangen) og kledd den opp med bambus som på golvet. Og sjølv om han hadde gjæra det sammen og flotte saker fann vi ut at det var lurt å ha profilar på trinna for at ingen skal gli :)

Heime har ej pjaska og trekt opp møblar.


Sofaene vi hadde i stova for eit par år sida har fått nytt stoff og to stolar frå Kirsten & Anny er klare til å få seg ein fin plass i stova her ute :)


Ein liten venn til stolane var det også nok stoff til ;)

Senger

Vert tilPosted by Cathrine Thu, August 08, 2013 22:11:15

Alle romma har no fått senger, og ulike nattbord er under maling :)

« PreviousNext »