Friminuttet

Friminuttet

Vårt eget lille paradis?

Ein super plass for å ta sej ei lita pause, -etter kvart i alle fall.

"Skigard"

Vert tilPosted by Cathrine Sat, March 15, 2014 01:03:08
Vi starta på eit gjerdeprosjekt for snart to veker sida, etter at det har vore på planen lenge. Ettersom vi har strevd med å bevare naturtomta så langt det har latt seg gjere ønskte vi noko som kunne passe inn til det, og kva funkar vel bedre enn ein skigard da :)

Etter å ha passert ein variant eg forelska meg i i området nær Stryn fleire gangar var valget ekstra enkelt.


Så vi starta opp med skjelettet. Siden heile området her stort sett er berg som berre er dekt med mose, med nokre groper med litt meir masse her og der var det eit must å bore ned jern for å feste staurane i. Og etter at det var gjort sikra vi alle jerna med ein vedakubbe, eller sikra jerna -det var vel rettare å sei at vi sikra at ingen skada seg på jerna.

Og så kom staur og stødig material opp som utgangspunkt til vidare gjerde, sikra nok plassar til å være stødig og tåle nokre vindkast.

Så begynte søket etter hesjastaur, så alt kan sjå naturlig gråna ut så raskt som mulig :) Og tilfong var vi så heldige å få av sambygdingar, nokre hadde rikelig i løda.


Så nedre del av tomta gjekk frå å sjå slik ut (over) til å bli heilt forandra (under).



Så etter å ha skrudd staur i tre økter vart vi veldig fornøgd med resultatet! Riktig koselig å sjå på og gå langsmed. Og når villkaprifolen kan få vekse litt i gjerdet vert det strålande. Men vi må selvfølgelig vente eit par, tre år på at den får etablert seg skikkelig :)


Og her er før (over) og etter (nederst) vidare oppover i bytet. Tenker mykje av den naturlige gråninga er gjort i løpet av ein sommer.





Ny lampe

Vert tilPosted by Cathrine Fri, March 14, 2014 23:24:45
Denne har eg drømt om lenge!!


Og no har Narve ordna en til mej i morsdagsgave, -med hjelp frå Per-Anders ;)
Etter litt demontering, vask, lodding og montering igjen har den fått dimbar leddbelysning.



Filler

Vert tilPosted by Cathrine Fri, March 14, 2014 13:07:00

Den lange soveromsgangen trengte eit teppe når temperaturen sank utå hausten, og rikelig med fillemateriale resulterte i 9 meter med fillerye i blåtonar tidlig i oktober. Og det mangla ikkje på ei hjelpande hand stadig vekk heller :)


Sjølv om det var greit med ei pause innimellom ;)



Kjøkken

Vert tilPosted by Cathrine Fri, March 14, 2014 12:48:20

Etter mykje fram og tilbake og feilproduksjon har endelig platene mellom kjøkkenskapa komt på plass, slik at vi kunne få på hylla over i midten av september :) Litt forsinkelsar må vel til.. Men bra vert det!!

Ting kjem på plass

Vert tilPosted by Cathrine Fri, March 14, 2014 12:43:10

Det lille skapet frå Sæbø har blitt kvitt og akkurat fått plass til det blå teserviset inne på lisjestova :)

Vedahus

Vert tilPosted by Cathrine Fri, March 14, 2014 12:28:51
Etter eit støypeprosjekt vi hadde tidligare løyvde litt betong som vi hadde ut på oppsida av hytta. Så første dagen i september passa det bra å utnytte det til eit lite uthus/vedabud.


Og sida vi no hadde ferdigattest fekk vi første overnatting her ute :)


Nokra dagar seinare gjorde Gard og Narve klart for at seglet vårt kunne festast opp over plattingen på oppsida når det passar oss :)


Men først kunne ein del av delane på seglet monterast av sida det ikkje lenger skal opp i ei mast ;)

Og nokre augeboltar monterast på berget for å få stramma det godt opp.


Og bilder av seglet får visst vente til vårsesongen, for dei er arkivert på ein lur plass...

Men bading vart det i alle fall :)


Og etter kvart vart vedabuda ferdig og platten utvida rundt den.





Utesofa

Vert tilPosted by Cathrine Fri, March 14, 2014 11:44:38

På Røde Kors-loppemarkedet i Volda siste helga i august vart denne lille sjarmerande sofaen med oss heim, -eller hit ut på hytta da ;) Og den måtte selvfølgelig innviast i fineværet!

Den har lang fra favorittfarge så den skal får seg ein ny farge til våren.

Midlertidig ;)

Vert tilPosted by Cathrine Fri, March 14, 2014 11:37:04
På badet mangla nokre detaljar i august, så nokre midlertidige løysingar var grei å ha, kjekt med annvendelig og godt verktøy :)



Next »