Friminuttet

Friminuttet

Vårt eget lille paradis?

Ein super plass for å ta sej ei lita pause, -etter kvart i alle fall.

"Skigard"

Vert tilPosted by Cathrine Sat, March 15, 2014 01:03:08
Vi starta på eit gjerdeprosjekt for snart to veker sida, etter at det har vore på planen lenge. Ettersom vi har strevd med å bevare naturtomta så langt det har latt seg gjere ønskte vi noko som kunne passe inn til det, og kva funkar vel bedre enn ein skigard da :)

Etter å ha passert ein variant eg forelska meg i i området nær Stryn fleire gangar var valget ekstra enkelt.


Så vi starta opp med skjelettet. Siden heile området her stort sett er berg som berre er dekt med mose, med nokre groper med litt meir masse her og der var det eit must å bore ned jern for å feste staurane i. Og etter at det var gjort sikra vi alle jerna med ein vedakubbe, eller sikra jerna -det var vel rettare å sei at vi sikra at ingen skada seg på jerna.

Og så kom staur og stødig material opp som utgangspunkt til vidare gjerde, sikra nok plassar til å være stødig og tåle nokre vindkast.

Så begynte søket etter hesjastaur, så alt kan sjå naturlig gråna ut så raskt som mulig :) Og tilfong var vi så heldige å få av sambygdingar, nokre hadde rikelig i løda.


Så nedre del av tomta gjekk frå å sjå slik ut (over) til å bli heilt forandra (under).



Så etter å ha skrudd staur i tre økter vart vi veldig fornøgd med resultatet! Riktig koselig å sjå på og gå langsmed. Og når villkaprifolen kan få vekse litt i gjerdet vert det strålande. Men vi må selvfølgelig vente eit par, tre år på at den får etablert seg skikkelig :)


Og her er før (over) og etter (nederst) vidare oppover i bytet. Tenker mykje av den naturlige gråninga er gjort i løpet av ein sommer.





Sykkel

OpplevingarPosted by Cathrine Sat, March 15, 2014 00:10:17

På tirsdag hadde Gard og eg første sykkeltur ut, vi stakk innom og hadde ei lita drikkepause før vi snudde inn igjen. Kjekt å sykle ilag heimover i mørket

Torsdag

OpplevingarPosted by Cathrine Fri, March 14, 2014 23:33:45
Første torsdag i mars endte gutta på hytta etter symjing, dei rømte unna kakling frå klubb her heime ;)


Dei hadde laga rikelig med pannekakerøre til frokosten før skule :)



Ny lampe

Vert tilPosted by Cathrine Fri, March 14, 2014 23:24:45
Denne har eg drømt om lenge!!


Og no har Narve ordna en til mej i morsdagsgave, -med hjelp frå Per-Anders ;)
Etter litt demontering, vask, lodding og montering igjen har den fått dimbar leddbelysning.



Matauke

DyrelivPosted by Cathrine Fri, March 14, 2014 23:10:07

Narve rodde garn ut to dager første veka i mars og ordna fersk fisk til middag til oss :)





Utehelg

OpplevingarPosted by Cathrine Fri, March 14, 2014 22:53:50

Februar vert mars på hytta, og det er kjekt utevær.


Gutta startar å flytte ein stein vi var så heldige å få i innflyttingsgåve, vi har selvfølgelig planlagt ein perfekt plass til den :)


Og taubana fekk svinge seg igjen, og igjen :)


Laurdag fekk Thor kompisbesøk, og pølsene var svarte -akkurat som marshmallowsane


Kven hadde trodd hestehoven skulle dukke opp siste dagen i februar? Den stod der i le av den eine bytesteinen


Og ein veit det nærmar seg meir og meir vår når dei radiostyrte bilane kjem ut :)



Nyter livet

OpplevingarPosted by Cathrine Fri, March 14, 2014 20:31:46
Februar på hytta og vi nyter kvar helg vi kan være her ute :)

Deilig å kose sej ute i all slags vær, og ha kosestunder og leite fra i skapet med spel inne om kvelden.


Her testar Thor Tantrix, ein liten test i praktisk logikk :)


Og god mat hører selvfølgelig med, denne gongen pulled pork i heimelaga nanbrød og romrosinisen til Narve :)



Tuva-tur

OpplevingarPosted by Cathrine Fri, March 14, 2014 20:01:07
Siste helga i januar her på hytta og sola skin på Vindfarholmen, som blir så gylden som gull i lyset :)


Gard har gått med ein drøm om å stå på toppen av eine bjørke vår, og det greide han selvfølelig enkelt og greit :)


Vindane kjem frå alle kantar her ute nokre dagar og skaper masse små virvelvindar i bølgene, fasinerande å sjå kor dei feier avgårde. Nokre vert ganske store og høge også.


Årets første tur på Tuva vart det når vinden avtok litt. På vei opp her noken laga nokre fantastisk flotte benkar. Dei er verdt ei studie og ein kvilestund!!


Ein kar måtte selvfølgelig hoppe frå tre til tre som ein annen apekatt, er seg sjølv lik d ;)


Så gjekk turen vidare over frosne bekkar, med smak av tyttebær og rikelig med trekk på toppen. Og vakker utsikt!! Ein snerten og kjekk tur for store og små.



Next »