Cathrine

Cathrine

Velkommen inn til mine evinnelige prosjekt!

Sida det er 1000-vis av dei måtte det ein eigen side til for halde orden på dei.. Og det er ikkje fritt for at det her også er andre drypp fra livet gjennom mine auge :)

Bunadselar

BroderiOpprettet av Cathrine sø., mai 05, 2013 20:16:43
Det er mykje bunad på syrommet for tida, og i dag vart selane has Narve ferdige :)


Dei er kopiar av eit av dei to para med "forlovelsesselar" etter tippoldefaren min. Dei er brodert med lynildsting. Det er ein strameiteknikk som også vert kalt florentinerbroderi eller Bargello, etter nokre broderi som vart funne i Bargello i Firenze. Desse er brodert i eit 2-tråds ullgarn med sterke fargar og det er ingen gjentaking i stripene, så tippoldemora mi har nok kost seg med å bestemme fargar underveis :) Fargane har eg funne igjen ved å leite i saumane inne i dei gamle selane. Det var ikkje lett å finne tråd som stemde både i tjukkelse og fargar da eg skulle begynne på broderia, så vi er heldige å ha ein nedarva butikk her som har ei samling av gamle trådar! Vanskelig er det også å fange slike sterke fargar med kamera og vise dei korrekt på bilder,dei er enda sterkare når ein ser dei "live".

På den brune sunnmørsbunaden skal selane knappast på buksa både framme og bak, derfor er ein avhengig av å sy dei etter at buksa er ferdig tilpassa. Derfor har broderiet fått ligge på vent i syskrinet. Men no altså buksa ferdig, manglar berre nokre forsterkingar og knappar.


Fill in only if you are not real





Følgende XHTML-tags er tillatt: <b>, <br/>, <em>, <i>, <strong>, <u>. CSS og Javascript er ikke tillatt.