Cathrine

Cathrine

Velkommen inn til mine evinnelige prosjekt!

Sida det er 1000-vis av dei måtte det ein eigen side til for halde orden på dei.. Og det er ikkje fritt for at det her også er andre drypp fra livet gjennom mine auge :)

Greina

BroderiOpprettet av Cathrine on., mars 06, 2013 11:33:57
Treet eg sydde for ei stund sida, frå dette innlegget, var fristande å lage maskinbroderi av. Eg valgte eit utsnitt av det, -ei litt omtegna grein. Her stingsatte eg slik at først vart markering av alle blada sydd.



Så var det ein stopp slik at eg kunne feste alle blada i dei ulike stoffrestane på rett plass med lim/vliesofix.


Deretter kunne ramma monterast i igjen og broderinga av sjølve greina og festesaumane til blada fullførast.


Dette broderiet er ein del av ein vårkjole som har blitt hengane på vent av dei siste detaljane. Kanskje når snøen er vekk?