Cathrine

Cathrine

Velkommen inn til mine evinnelige prosjekt!

Sida det er 1000-vis av dei måtte det ein eigen side til for halde orden på dei.. Og det er ikkje fritt for at det her også er andre drypp fra livet gjennom mine auge :)

Inspirasjon

BroderiOpprettet av Cathrine to., februar 28, 2013 19:12:31
Dette innlegget var lagt ut 31.okt 2012 på CatY-bloggen:




På spisebordet kom det for ei vekes tid sida eit stort fat med grankongler og lys. Eg yndar å gå i gammel granskog, -full av lekker og dempande grøn mose. Og å få plukke med meg heim rikelig med store kongler som leggast til tørk forran vedovnen. Og når dei vel er tørre og utsprotne kan dei få fylle eit fat og gje god hauststemning!

Nokre idear ramlar på også. Derfor vart det eit broderi som skal brukast til å gjere oppbevaringa av tennbrikettane finare :)