Cathrine

Cathrine

Velkommen inn til mine evinnelige prosjekt!

Sida det er 1000-vis av dei måtte det ein eigen side til for halde orden på dei.. Og det er ikkje fritt for at det her også er andre drypp fra livet gjennom mine auge :)

"Sola kjem i vinterland"

StrikkingOpprettet av Cathrine to., februar 28, 2013 18:37:17
Dette innlegget vart lagt ut 17.mars 2012 på CatY-bloggen:

Ej har annskaffa mej strikkemaskin! Og sida ej ikkje er så god på små prøveprosjekt vart eit jakke i kort, lett ull med rette 3/4 armar først ute ;) Berre ein piturandes liten lapp for å teste strikkefastheit vart laga først.



Her er ein slags oppskrift om nokre vil ha (kan selvfølgelig brukast ved handstrikk også, men da må riktig strikkefastheit testast ut)

Huldra kamgarn 8,5/2 med 4,5 mm grind og Sp 4. Det gjekk med 240 gr garn inkl heklekantane.

Bol:
La opp alle maskene (220) og strikka 24 omg gul (8033), plukka opp og laga dobbel kant. Strikka videre med samme maskeantall i stripeeffekt med 10 og 10 omg vekselvis lys turkis (8104) og halvbleika kvit (8099). Strikk 13 og 3/4 striper, -altså 137 omg. Starta med turkis og avslutta med kvit.

Armer:
Fortsett å strikke uten å ta av bolen. Strikk 4 omg kvit, og deretter vekselvis turkis og kvit som på bolen. I tillegg til dei 4 omg kvit strikkes 11 heile striper, -altså 114 omg. Strikke så 2 omg gul og fell av.

Montering:
Eg bruker overlock (om du ikkje gjer det kan det være lurt å sikre med sikksakk før du klipper opp)

Damp strikket godt. Klipp så fra delen til armer. Kanten på strikket vert opninga framme, så brett det slik at det ligger dobbelt (ut inn) med denne splitten midt på. Sy skuldersaumane, -begge i ett. Klipp armstykket i to i høgda, brett dobbelt (ut inn) og sy armsaumane. Klipp ned armåpninga i bolen og monter armane i -husk å være forsiktig om du ikkje sikrer mot rakning. Klipp passe halsboging, djupare framme enn bak og sikr den med ein saum.

Plukk så opp med gult på heklekrok 3 opp åpninga framme, rundt halsen og ned igjen framme (3 fastmasker pr 4 omg). Tilbake hekles staver i kvar fastmaske. 3.omg hekles picotkant ved å starte med 2 fastmasker, så 1 picot slik: 3 luftmasker og 1 kjedemaske ned i fastmasken. Hekl så 4 fastmasker og 1 picot i den 4 fastmaska heile omg. Husk å tilpasse slik at picoten treffer likt på høgre og vesnstre side av jakkeåpninga (lur det til med ev. 3 fastmasker mellom picoten 1 gang eller 2 om det trengs)
På armene hekles stav i kvar maske nede på den gule kanten, deretter i omg med picot som på bolen.