Cathrine

Cathrine

Velkommen inn til mine evinnelige prosjekt!

Sida det er 1000-vis av dei måtte det ein eigen side til for halde orden på dei.. Og det er ikkje fritt for at det her også er andre drypp fra livet gjennom mine auge :)

Hyllest til haust

SaumOpprettet av Cathrine to., februar 28, 2013 17:42:58
Dette innlegget vart lagt ut 8.nov 2011 på CatY-bloggen:





Eit smalt oransj belte trengte ein glad kjole for våre forhold. Kva kunne vel passe bedre enn paraplydama mi da? Det er eit broderi ej laga til ein paraplykjolebestilling for ei tid tilbake, -til ein Bergensbunad ;)

Kjolen er av i livet med knapping derifra og opp i tillegg til glidelåslukking, for å få den meir figurforma enn ein tunika. Knappane er nokre ubrukte skattar frå tidligere tider, godt gjømt låg dei i knapperøret sitt inne i kroken i ein butikk med lang historie.


Den fekk være med på ei messe i helga -og vart aldri med heim igjen. Den fann sej ei dame der, noko som pussig nok har ein tendens til å skje med kjolar ej egentlig syr til meg sjølv. Tja, kanskje ej skal lære snart, -eller kanskje skal ej berre sy mej ein ny ein ;) Ein heilt anna sak til det oransje beltet mitt. Må få utløp for litt idear :)

Den fann sej i alle fall ei strålande dame!