Cathrine

Cathrine

Velkommen inn til mine evinnelige prosjekt!

Sida det er 1000-vis av dei måtte det ein eigen side til for halde orden på dei.. Og det er ikkje fritt for at det her også er andre drypp fra livet gjennom mine auge :)

Topp

SaumOpprettet av Cathrine to., februar 28, 2013 17:39:53
Dette innlegget vart lagt ut 27.sept 2011 på CatY-bloggen:

Mykje ulikt har vore innom symaskinene i dag, eit er ei bestilling på ein topp.


Toppen skulle være kvit, ha enkel rund hals med dråpe og knappelukking bak, kanskje ein slags volang nede og det viktigaste av alt "ballongarmar". Med strikk nederst og ved albogen. Den skal gjere teneste inne i kjolar, og da regnar ej med det er nokre av dei flotte strikkakjolane dama bak bestillinga strikkar sjølv.


Den fekk ein vakker blondekant nede så no kan den brukast både inne i kjolar og som ein topp utapå :)