Cathrine

Cathrine

Velkommen inn til mine evinnelige prosjekt!

Sida det er 1000-vis av dei måtte det ein eigen side til for halde orden på dei.. Og det er ikkje fritt for at det her også er andre drypp fra livet gjennom mine auge :)

"svart/kvit" brukt på nytt

SaumOpprettet av Cathrine to., februar 28, 2013 17:35:51
Dette innlegget vart lagt ut 19.sept 2011 på CatY-blogg:



Nok ein topp vart klipt i, også den til ein kjole. Heile kjolen fekk behalde svart/kvittkontrasten, så kan ein leike med fargar i ev tilbehør :)


Ein kant av kvit ribb held kjolen godt inntil under bysta og skjørtedelen har fått litt god vidda til å leve leve rundt føtene. Bølgekantar nede på kjolen forsterkar det.


Bølgekantane lagar ein ved å klippe renser på omtrent omkretsen nede på kjolen og kjøre dei gjennom med rullefald på overlokken på begge sider av remsa. Pass på å gi motstand på remsa slik at den strekker sej litt, da får ein bølgene. Sy dei deretter på med sikksakk eller ein anna elastisk saum (dette er ikkje nødvendig om dei skal festast på eit underlag som ikkje er elastisk).