Cathrine

Cathrine

Velkommen inn til mine evinnelige prosjekt!

Sida det er 1000-vis av dei måtte det ein eigen side til for halde orden på dei.. Og det er ikkje fritt for at det her også er andre drypp fra livet gjennom mine auge :)

Bestemorteppet

HeklingOpprettet av Cathrine fr., mai 04, 2012 17:00:56


Vi har hatt eit hekleprosjekt på gang i fellesskap her heime. Gard og Helene ville lære og øve seg på å hekle ute på hytta sist sommer. Så da vart "prosjekt Bestemorteppe" starta opp. Så i trekvart års tid har vi no hekla nokre ruter innimellom, men det er nok ikkje fritt for at det iikje har vore heilt jamn arbeidsfordeling ;)

Vi har brukt både restar og nytt av tjukkelse som ulike merker babyull og sisu på heklakrok nr 3. Kvar rute har 18 omg med ulike fargar og i tillegg 2 omg natur, og etter at rutene var plassert av Thor og Helene hekla eg det sammen. Til slutt fekk teppet 2 omg natur og 1 omg grøn (bestemt av Thor).

Teppet er 130x200 , og det gjekk med 1,4 kg garn