Cathrine

Cathrine

Velkommen inn til mine evinnelige prosjekt!

Sida det er 1000-vis av dei måtte det ein eigen side til for halde orden på dei.. Og det er ikkje fritt for at det her også er andre drypp fra livet gjennom mine auge :)

Alle fugler små dei er

Div. hobbyOpprettet av Cathrine fr., februar 17, 2012 19:33:07
Vårlengten kjem meir og meir over oss, -det vil sei mej, for her er delte meininger i huset :) Men i alle fall lagde Thor og ej vårfuglar i dag.




No flyg dei så fint i vinduet og ser ned over fastelavensriset vi lagde til pynt på spisebordet i går. Nokre flyg også omkring i kjøkkenvinduet.

Dei er laga av tynn kartong. Vi har skore hol til å lime silkepapir på magen, så dei vert ekstra fine når dagslyset skin igjennom dei.