Cathrine

Cathrine

Velkommen inn til mine evinnelige prosjekt!

Sida det er 1000-vis av dei måtte det ein eigen side til for halde orden på dei.. Og det er ikkje fritt for at det her også er andre drypp fra livet gjennom mine auge :)

Vinterluksus

KjøkkenkosOpprettet av Cathrine ti., januar 10, 2012 11:02:25
Ute er vinteren slett ingen glansbildevinter, -men mørk og våt. Veldig våt. Og glatt. Det skein i speglblank is mens vi gjorde det beste vi kunne for å få fotfeste på veg opp i barnehagen i dag, Thor og ej. Og snart har vel den regna vekk og.

Men inne luktar det bringebær. Det fyller heile huset. Lukta av syrlig og søt sommer. Litt skikkelig vinterluksus!!

For på ovnen har saftpanna stått og dampa. Full av små skatter frå sommeren, henta opp frå fryseren. Denne gongen låg rips, bringebær og rabarbra i ei salig blanding for å bli deilig saft. Og like fasinerande er det kvar gong kor bringebæra alltid dominerar lukta som kjem.



Og etter ein tur på besøk med Besta i helga var ej så heldig å komme heim med nokre skikkelige saftflasker. Så no står lunka saft på benken i gode gamle Zalo-flasker :) Nesten som det er seinsommer hos Besta

Og om noken har fryseren full av sommer, fordi dei som ej aldri greier å stoppe å plukke når naturen bugnar, finns ein slags oppskrift på dagens saft her.