Cathrine

Cathrine

Velkommen inn til mine evinnelige prosjekt!

Sida det er 1000-vis av dei måtte det ein eigen side til for halde orden på dei.. Og det er ikkje fritt for at det her også er andre drypp fra livet gjennom mine auge :)

Innspirasjon

EgotripparOpprettet av Cathrine to., november 17, 2011 11:19:43
Etter ein herlig kjærestetur til Barcelona i helga er ej full av nye inntrykk og idear. Er nok ein viss fare for at ein del av det som kjem til å skje på kjøkkenet framover kan verte farga av det :)


Etter ei vandring gjennom Mercat de Boquería, -den gamle slakerhallen i bydelen El Raval får ej nok ein gong forsterka følelsen av at vi lever i eit snevert land når det gjeld utvalet i matveien. Dette makedet har fungert siden 1200-tallet, og omgivelsane viser godt det. Ein fantastisk opplevelse!!

Og ikkje langt unna ligg restauranten Dos Palillos. Her fekk vi det beste måltidet ej noken gong har fått!!! Vi valgte den lille menyen, den med berre 12 rettar ;) Eit eventyr av spennande smakar, fantastisk balanserte og perfekt presenterte retter som kokkane lagar mens du ser på. Gå ikkje glipp av dette om du skal til Barcelona! Den er lett å passere da den berre ser ut som ein typisk spansk bar på utsida, men innom forandra det sej til ein resturant med minimalistisk japansk utrykk. Vi hadde reservert, og det er nok ein nødvendigheit.