Cathrine

Cathrine

Velkommen inn til mine evinnelige prosjekt!

Sida det er 1000-vis av dei måtte det ein eigen side til for halde orden på dei.. Og det er ikkje fritt for at det her også er andre drypp fra livet gjennom mine auge :)

Epletesting

KjøkkenkosOpprettet av Cathrine ti., oktober 25, 2011 21:38:42
I dag prøvde vi oss på eplesaft, ein liten test med små mengder.


Dette var toppen, men den vart for søt for vår gane og treng nokre andre små justeringar. Gler oss til neste resultat :)

Alt det gode i silkledet kunne ikkje gå til spille. Det fekk eit raskt oppkok og tilsatt eit friskt eple i småbitar, og hatt over på glas. Litt eplemos er alltid greit å ha på lur.


Og oppå glaset kom ein anna liten test. Ej prøvde strikkfoten ej akkurat he fått til symaskina. Den foten ej hadde glømt at ej skulle ha -heilt til ej var på slyng bortmed Tonje. Ho hadde sydd slike søte gammeldagse hetter ved hjelp av ein slik fot, og sida ej ikkje har tenkt på det før he ej hatt mosket med å strekke strikken manuelt. Om noken lurer er det slik at sykaskinfoten er laga slik at den strekker ut strikken for dej, ein berre stiller kor mykje den skal strammast :)

Og om nokre lurer på kor vi laga safta kjem oppskrifta på kjøkkensida vår når den er ferdig utarbeida.