Cathrine

Cathrine

Velkommen inn til mine evinnelige prosjekt!

Sida det er 1000-vis av dei måtte det ein eigen side til for halde orden på dei.. Og det er ikkje fritt for at det her også er andre drypp fra livet gjennom mine auge :)

Nok ein peon

HagegledeOpprettet av Cathrine ti., juni 14, 2011 09:26:52
I går kom sola for fullt utover dagen. Og litt tynga av dårlig samvittighet gikk ej laus og luka litt i bedda mine, -som har hatt stor vekst og lite stell i alt regnet. He he, godt å ha noke å skylde på ;)

Mens ej luka avgårde i særs effektivt tempo, for ej hadde ikkje tenkt å vie resten av dagen til å stå opp ned i fineværet, -skvatt ej til i enden på det gule bedet! Heilt fullstendig uforberedt på det som møtte mej!!


Min gule trepeon he på sin femte sommar her med oss funne ut at den skal vise si prakt :) Ej har i grunnen vore meir fokusert på at planta har greid nok ein vinter slik at ej ein gong i framtida kan få sjå den blomstre. Og slik har åra gått.

Så ikkje var ej forberedt på at den brått skulle lyse opp med ein knall gul blomst der ej hasta forbi.


Og er ej heldig tek kanskje regnet, som igjen har komt tilbake, ei ny lita pause snart slik at blomsten kan verte frista til å opne sej heilt. Om ikkje er der jo ein liten knopp i bakhand også :)

Om noken lurer er dette ein Paeonia lutea var. lodlowii, ein av dei mest harfører trepeonane hos oss.