Cathrine

Cathrine

Velkommen inn til mine evinnelige prosjekt!

Sida det er 1000-vis av dei måtte det ein eigen side til for halde orden på dei.. Og det er ikkje fritt for at det her også er andre drypp fra livet gjennom mine auge :)

Tidlig ute

HagegledeOpprettet av Cathrine lø., mai 21, 2011 15:48:24

For nokre år sida var ej så heldig å få ein peonrot av min tidligare arbeidsgjevar. Han visste om mange av mine fasinasjonar, -og kom derfor med eit lite al av ein enkel peon :)

I tre, eller har det blitt fire år, har ej venta på å få sjå det lisje vidunderet. Og den 14 mai var det visning ;) Ikkje hadde ej venta å ha peonblomstring før 17. mai!!


Enkle peoner er nydelige! Men når peonane blomstrar er det mest som ein regel at det regnar -rikelig! Og mens alle dei andre fylte peonane da heng mot bakken og gjemmer sej i regnværet står jammen denne like stødt. Heilt uten hjelp også.


Og slik har den stått ei veke i regnet no, og lyser opp med støvdragarane som ei sol i midten. Mon tru om den skal ha for vane å blomstre så tidlig vidare?