Cathrine

Cathrine

Velkommen inn til mine evinnelige prosjekt!

Sida det er 1000-vis av dei måtte det ein eigen side til for halde orden på dei.. Og det er ikkje fritt for at det her også er andre drypp fra livet gjennom mine auge :)

Duken vart kjole

SaumOpprettet av Cathrine fr., mai 20, 2011 23:38:31
For ei tid sida vart ej spurt om forvandle ein ynda duk om til ein kjole. Ein for riktig varme sommardager. Og det gjorde ej selvfølgelig ;) Kjekt med slike utfordringar!


Duken var lys med eit vevd mønster med myggtjeld (om ej ikkje husker feil frå vevtimane for ei evigheit sida) og med ei brei bord med blå og raude mønstringar rundt heile duken. Den fekk henge inne på syrommet til idemyldring mens ej sydde andre kjolar som var før på lista.

Så skulle den til pers :) Først vart det rett nok laga eit snittmønster, så vart saksa leita fram.

Stoffet på skjørtedelen er klipt slik at mønsteret er speglvendt framme og bak, på den måten treff mønsteret i sidesaumane. Det gir eit ryddig uttrykk. (Eit lite tips om noken vil gjere eit liknande prosjekt)


Det raude i borda "ropte" for mykje og måtte vike, og fekk dermed ikkje være med på kjolen i det heile. Så da borda rundt duken var rydda for det raude vart nokre remser sydd saman til eit stykke, klipt på skrå og sydd saman igjen slik at det danna v-form i det blå til bruk midt på bærestykket framme. Bak vart linjene brukt vertikalt spegla om glidlåsen. Og skjørtedelen fekk borda som kappe nede.


Og etter ei lita runde med strykejernet var kjolen klar til sending. Og har allerede funne si dame :)