Cathrine

Cathrine

Velkommen inn til mine evinnelige prosjekt!

Sida det er 1000-vis av dei måtte det ein eigen side til for halde orden på dei.. Og det er ikkje fritt for at det her også er andre drypp fra livet gjennom mine auge :)

Gårsdagens bord

Ulike puslerierOpprettet av Cathrine sø., april 17, 2011 13:06:51
Vi feira husets herre i går og som vanlig fe ej bruke litt tid til å kose mej med bordpynting :) Narve og Thor hadde vore avgårde tidlig og kappa greiner som stod å tørka opp etter rikelig med regnskyllar da ej stod opp for andre gong. Narve hadde tenkt sej eit fletteprosjekt til mej, men greinene var nok ikkje mjuke nok til det enda så ej gjekk for eit sveveprosjekt.


Det har ej ikkje prøvd på denne måten før. La greiner med litt overlapp til passe lengde klare, to i bredde -og da også kvar sin vei med toppen for styrke, og vikla streng stramt rundt i heile lengda. Laga mej tre slike "remser". Kappa nokre greine og la diagonalt for å halde avstanden ej ville ha mellom remsene i bredda. Så kappa ej greinstumpar, i den høgda ej ville det skulle sveve, til å sette i vasar slik at det holdt remsene oppe. Lurt å ha ein v oppe, altså kappa litt over der ei sidegrein kjem ut. Da er det berre å legge remsene oppi.


Så fekk vasene som holdt greineneremsene oppe ein tulipan i kvar. Greit å plassere vasene litt "tilfeldig" utover for å skape liv og unngå at det vert for systematisk.


Til slutt festa ej chilli i greinene og grupperte litt mandariner nede på bordet, he som alltid ein tendens til å bruke litt etande til å pynte borda. Funkar fint som dessert, nattmat eller snusking for små og store. Så det kan være nokså variabelt ka som er igjen av bordpynten etterpå ;)

Greinen og vasene er eit supert utgangspunkt som kan brukast både til eit bord med eit naturlig preg fullt av markblomstra i alle slags fargar, eller eit strammare bord med toniton fargar, eller, eller.. Fullt av muligheiter å leike sej med :)