Cathrine

Cathrine

Velkommen inn til mine evinnelige prosjekt!

Sida det er 1000-vis av dei måtte det ein eigen side til for halde orden på dei.. Og det er ikkje fritt for at det her også er andre drypp fra livet gjennom mine auge :)

Prosjekt Knerten, igjen

Div. hobbyOpprettet av Cathrine to., juli 15, 2010 19:47:40
I dag skulle Knerten ha sej seng, syntes Thor. Og klart han kunne få det :)

Så vi gjekk ned i "garasja" og skulle finne tilfong. Men der hadde han pappa rydda so godt at det vart berre å gje opp. Men gutten var ikkje rådalaus fordet om. Det var jo berre å fare på trelasten, slik som pappa bruka gjer :)

Ja, det kunne vi jo. "Skal berre inn og hente bilnøklane og pengane ej da :)" Men nei, vi skulle sykle! Det vil sej Thor skulle ha trehjulssykkelen slik at han fekk plass til lasta og ej skulle gå atmed og passe på. He he, og slik vart det selvfølgelig. Ken kan sei nei til eit slikt "tilbud" ;)




En time og tre kvarter etter var vi tilbake. Det var også Knerten, som hadde fått ligge trygt surra atmed materialen til senga si bakpå sykkelen.



Etter å ha bora og skrudd litt var senga klar for maling, -noke sparkling og pussing kom ikkje på tale. Knerten måtte jo ha ei malingstørr seng å ligge i til natta!! Så slik vart det nok ein gong ;) Eigeninnsatsen står det i alle fall respekt av!

Og så måtte det pute og dyne til, og det skulle være båt på! Klart det :)




Så da stod den klar da, senga, når Knerten og Thor skulle legg sej. Thor i si seng og Knerten i sin -på golvet, trygt atmed Thor sin :)



Natta Knerten!!