Cathrine

Cathrine

Velkommen inn til mine evinnelige prosjekt!

Sida det er 1000-vis av dei måtte det ein eigen side til for halde orden på dei.. Og det er ikkje fritt for at det her også er andre drypp fra livet gjennom mine auge :)

Litt fiskehermetikk, eller..

HeklingOpprettet av Cathrine to., mars 04, 2010 15:37:56
ein kjempekjekk plass å bevare hekleri i?



For det var der i ein Bjellandsboks at "Gamlemor" (som vi kalte mor/svigermor til mine reservebesteforeldre i nabohuset heime) oppbevarte sine tynne heklakroker, ei lita saks og små nøster. Mi erindring av henne var at hon brukte å sitte borte i stolen sin atmed vinduet med handarbeidet sitt. Ho hekla nydelige små brikker til å ha mellom koppen og tefatet, beskyttere til å ha nede på glass, små brikker og andre nette ting.



Den tjukkaste heklakroken -2,5- kom i bruk allerede nokre dagar etter at ej fekk dette skrinet. Den skulle hjelpe mej å lage nokre blomstra som skulle på ein kjole som var bestillt.


Blomstrane er for lengst ferdig, kjolen like så, -men skrinet har fått plass i vinduskarmen inne på det midlertidige syrommet mitt :)