Cathrine

Til ting og tangSaum

Opprettet av Cathrine to., juni 13, 2013 21:52:13

Blog imageBlog imageBlog image
For litt sida sydde eg ein liten enkel svart/kvit sak som Helene kunne ha pass og reisepapir i til ho skulle på tur. Og den var så kjekk å sy at det vart ein liten serie med meir fargerike utgåver etterpå

RaudøyaUlike puslerier

Opprettet av Cathrine ti., mai 14, 2013 20:29:15

Dei to siste dagane har vi arrangert klassetur for klassa til jr.midtimellom, på den einaste øya i kommunen vår. I dag var det min tur å ha "vakt". Og som vanlig var det fantastisk deilig å komme ut på Raudøya, -ei lita reise i tid og fargar :)

(hadde dessverre ikkje med kameraet, så det blei mobilbilder med litt så som så gjengiving) Trykk på bilda så vert dei større nede under dei små



Det er noko heilt eget med desse gamle fargane! Og dei var ikkje redd for å bruke dei heller, før dei etter kvart vart skjult bak nye lag med lysare fargar ;)

Ein gjeng med elevar frå ungdomsskulen gjer ein flott innsats med å forsøke å føre tilbake og halde ved like her ute. Og eg håper dei kan greie å redde huset også før det vert heilt ødelagt av tidens tann m. flittige hjelpara som bryt seg inn og sørger for at forfallet går raskare, -dessverre

BunadselarBroderi

Opprettet av Cathrine sø., mai 05, 2013 20:16:43

Det er mykje bunad på syrommet for tida, og i dag vart selane has Narve ferdige :)

Blog image
Dei er kopiar av eit av dei to para med "forlovelsesselar" etter tippoldefaren min. Dei er brodert med lynildsting. Det er ein strameiteknikk som også vert kalt florentinerbroderi eller Bargello, etter nokre broderi som vart funne i Bargello i Firenze. Desse er brodert i eit 2-tråds ullgarn med sterke fargar og det er ingen gjentaking i stripene, så tippoldemora mi har nok kost seg med å bestemme fargar underveis :) Fargane har eg funne igjen ved å leite i saumane inne i dei gamle selane. Det var ikkje lett å finne tråd som stemde både i tjukkelse og fargar da eg skulle begynne på broderia, så vi er heldige å ha ein nedarva butikk her som har ei samling av gamle trådar! Vanskelig er det også å fange slike sterke fargar med kamera og vise dei korrekt på bilder,dei er enda sterkare når ein ser dei "live".

På den brune sunnmørsbunaden skal selane knappast på buksa både framme og bak, derfor er ein avhengig av å sy dei etter at buksa er ferdig tilpassa. Derfor har broderiet fått ligge på vent i syskrinet. Men no altså buksa ferdig, manglar berre nokre forsterkingar og knappar.

BunadslivSaum

Opprettet av Cathrine ma., april 29, 2013 12:17:04

Konfirmanten min har fått overta min sunnmørsbunad (frå forrige innlegg), for eg fant ut da eg begynte på Narve sin ny bunad, -den nye brune mannsbunad frå Sunnmøre (den som har blitt rekonstruert frå gamalt draktmateriale), at det passa meg strålande å ha den nye kvinnebunaden frå Sunnmøre (den som også vart rekonstruert etter gamalt draktmateriale).

Men min vert nok ikkje heilt lik Husfliden sin. Min vert eit resultat av arva skattar, mi Besta sine erindringar og nokre gamle akvarellar frå heimstaden hinna (og slekta mi).

Blog image
Eg har mange planar, derfor kjem eg til å ende med fleire alternativ. Kjekt å velge utfrå annledning, vær og humør ;) Men først ut er det raude livet. Den fargen Besta meiner mi tippoldemor hadde på sitt liv. Liva frå den tida hadde ofte firkanta utringing kanta med band, gjerne silkeband med mønstringar i streke fargar. Dette var jo frå ei tid der sterke fargar og blanke effektar var ekstra gjevt, -jo meir fargar jo bedre vert vel sagt. Men eg har ikkje kjøpt ferdige band heller, mine band har fått kopiar av broderia frå forlovelseselane til tippoldefaren min i blank tråd med dei same sterke fargane som var på selane. Fantastiske kombinasjonar av klare fargar i fiolett, raud, lilla, grøn og gult. Blir glad berre av å jobbe med dei.

Om dette ikkje er ein godkjent drakt frå bunadsrådet er ikkje så farlig for meg, det er mykje viktigare å få bruke og vise skattar eg kan hente frå folk som eg har ei tilknytting til på ulike måter :)

Det raude livet er no så godt som ferdig og eg skal presantere det skikkelig etter kvart

BunadstidSaum

Opprettet av Cathrine on., april 24, 2013 16:36:02

No er bunaden til konfirmanten her i huset ferdig montert og sitter som støpt. Eg har berre igjen å sy på lommelåsen, -når den er ferdig gravert :)

Både bunaden og skjorta har hinna Besta (mi mor) brodert, veldig vakkert!

Blog image
Og i kveld er det bunadskafé i husflidlaget her i Ørsta. Den er åpen for alle, både medlemmar og dei som ikkje er det. Meir om det her.

Leigetakar?Herlige overraskelsa

Opprettet av Cathrine fr., april 12, 2013 12:55:29

Blog image
Da vi hadde lunsj på trappa i dag fekk vi koselig kvittrande besøk :) Ein kjøttmeis laga flott musikk, og eg måtte selvfølgelig snike meg inn og hente fotoapparatet!

Men etter kvart vart eg oppmerksom på at den var veldig ivrig bort i fuglekassa eg fekk av Marita Bett (frå utstillinga "Lovehouse") for eit par år sida. Og jammen forsvant den inn også.

Blog imageBlog imageBlog imageBlog image
Den var stadig ut og inn, og det virka mest som der var to fuglar. Og ganske riktig, -for brått tok dei seg pause på gjerdet i lag. Herr og fru kjøttmeis :)

Blog image
Og inn i rododendroen var det livlig flyging og leik ;)

Blog imageBlog image
Ikkje så lett å fange i farta i skyggen. Men vi er spent på om det fortsett, og om det kjem meir fuglekvitter etter kvart :)

Her er nokre fantastiske filmsnuttar frå eit skuleprosjekt!

Grøne fingre?Hageglede

Opprettet av Cathrine ti., april 02, 2013 19:07:53

I dag har våren komt her inne! På formiddagen planta Thor og eg tomater. Før vi kunne så måtte vi ha potter, så Regionsavisa frå påska låg lagelig til for hogg i papirdunken. Først skar vi strimler på 8-9 cm bredde, rulla ei remse rundt ein dorull slik at halve høgda på remsa var inn på dorullen og halve stakk nedføre. Så bretta vi inn det som stakk nedføre til botn i potta og brukte skaftet på ei sleiv til å trykke botnen nogenlunde flat frå innsida, -den jevnar seg meir ut når det har komt mold i ;)

Blog imageBlog image
Så var det klart for å fylle mold i, den oppgava tinga selvfølgelig Thor på aleine :) Og den snertne "moldausa" ej fann i haust var som venta kjekk til dette!

Blog imageBlog image
Så no har fire sortar tomat komt i jorda, det vart Udi, Tiny Tim, Moneymaker og Black Russian i år. I tillegg til eit optimistisk TYGGISTRE-eksperiment i vinduskarmen til Thor :) Vi får sjå kva som gir avling først... Spennende!

BarnemariusSaum

Opprettet av Cathrine ma., april 01, 2013 10:19:14

I påska vart desse mariustunikane ferdige og nådde eigar. Dei er sydd av nydelig dobbelstrikka marius i tynn ull. Den lyse sida er brukt til ein armlaus tunika, mens den blå sida vart ein med armar.

Blog imageBlog image