Cathrine

Cathrine

Velkommen inn til mine evinnelige prosjekt!

Sida det er 1000-vis av dei måtte det ein eigen side til for halde orden på dei.. Og det er ikkje fritt for at det her også er andre drypp fra livet gjennom mine auge :)

Lys

Herlige overraskelsaOpprettet av Cathrine ti., november 29, 2011 15:38:39

På ettermiddagen, når det begynner å mørkne ute, vert enkelte detaljar veldig forsterka. Luftboblene inni flaska gir ein fantastisk effekt.


Regndråpane som renn nedover vinduet forsterkar kor lunt og godt vi har det inne



Haustlys

Herlige overraskelsaOpprettet av Cathrine fr., oktober 28, 2011 17:00:50


Innimellom regnbygane kikar sola frem

Heldig

Herlige overraskelsaOpprettet av Cathrine on., september 28, 2011 10:52:22
er ein når ein kan ete midten av kaka mannen laga til bursdagen min til dessert i lunsjpausa


Eit lite øyeblikk mellom syøktene kan ej skjære ut den beste biten full av sjokolade og mint ;)

Det er ikkje gull, men enda bedre

Herlige overraskelsaOpprettet av Cathrine ma., august 15, 2011 17:45:24
Etter å ha levert bilen på verkstad i dag tidlig gjekk ej eine åsen heim igjen. På veien vart handa altfor lita!! Det var berre å kike heimom og hente nokre nett og ein kniv for no skein det blandt lyngen ;)


Der var rikelig med gyldne flotte kantarellar. Ej har faktisk ikkje opplevd so mykje flotte kantarellar sida ej flytta hit. Så takka være den fuktige sommaren med god temperatur i det siste kan ej få hauste i kilovis :)

Turen i dag vart 4 kilo, og ej gler mej til å få gå til dei plassane ej ikkje rakk på formiddagen i dag! Så for dei som er glad i sopp er dette verkelig året av dei store, ut og plukk folkens :)


Nygifte

Herlige overraskelsaOpprettet av Cathrine fr., august 12, 2011 23:18:50
..............................................GRATULERER!!!....................................................


I dag, fredag 12. august, gifta Trude og Jan Vidar sej :) Ei overrasking for dei fleste, til og med den næraste familien.


Narve var med som forlover tidligare i dag, og seinare vart det overrasking for familien som kom for å feire Trudes 40 år.




Og vi nytta annledninga før dei rakk heim til å pynte litt på huset deira for å spre det glade bodskap :)






Fange sola

Herlige overraskelsaOpprettet av Cathrine sø., mai 15, 2011 11:25:19
Det skal ikkje alltid ein stor ting til for å skape sol ein gråværsdag,



og det meistrer Thor strålande med å gå på slang i bestemors blomsterbed :)

Vårtegn

Herlige overraskelsaOpprettet av Cathrine sø., april 10, 2011 23:04:15
I dag kom vårfølelsen virkelig! All snøen er for lengst vekk, været var vårvarmt og trekken lun. Våronna har tatt til i hagen og verandaen er kosta og nyspylt. Etter en god innsats heime var vi klar for å sykle oss ein tur på hytta.

Så med sekken full av dagens "middag" sykla vi avgårde alle sammen. Og jammen var grøftene begynt å bli gule av hestehov på vei ut.


Og da Helene oppdaga ei halvvåken sjanglande humle på nausttaket va vi i alle fall sikre, -våren er her virkelig!


Etter å kravla rundt i lyng og mose ei stund, mens den forsøkande strakte vingane greide den endelig å lette.

Kor vi gler oss over alle overgangane vi er så priveligert å ha her til lands!!! Mon tru kva årstid vi våknar til i morgon...

For jula varer heilt til påske

Herlige overraskelsaOpprettet av Cathrine fr., april 01, 2011 10:30:32
men det er ikkje sant -for....


Men julekaktusen ej fekk da Thor og Narve hadde vore på handel for eit par år sida blomstrar no :) Det var nesten så ej lurte på om ej hadde misforstått dette med jule- og påskekaktus, så ej måtte ha mej ei kjapp runde med søk. Og ja, ej he ein Zygocactus truncatus -julekaktus.

Uansett er den fantastisk i fargane! Dei knall rosa knoppane som vert til ein lysande raud blomst med lysegule støvberera som ein liten kost under og ein rosafiolett griffel som stikk utom blomsten.


Og da ej skulle ha mej litt formiddagste i dag fekk ej mej ei lita overrasking! For det første ej fann i tekrukka var ikkje te, -men dette


Ein luring hadde sneke dette oppi før han reiste avgårde på skihelg med gutta :)

Ha ein nydelig helg folkens!! Sjokoladane har Thor og ej allerede kost oss med -enda det ikkje er godteridag ;) og ej er i alle fall trygg for at ej får plass til dobbelt så monge bilder når ej fer på fototokt ;)


« ForrigeNeste »