Cathrine

Cathrine

Velkommen inn til mine evinnelige prosjekt!

Sida det er 1000-vis av dei måtte det ein eigen side til for halde orden på dei.. Og det er ikkje fritt for at det her også er andre drypp fra livet gjennom mine auge :)

Leigetakar?

Herlige overraskelsaOpprettet av Cathrine fr., april 12, 2013 12:55:29

Da vi hadde lunsj på trappa i dag fekk vi koselig kvittrande besøk :) Ein kjøttmeis laga flott musikk, og eg måtte selvfølgelig snike meg inn og hente fotoapparatet!

Men etter kvart vart eg oppmerksom på at den var veldig ivrig bort i fuglekassa eg fekk av Marita Bett (frå utstillinga "Lovehouse") for eit par år sida. Og jammen forsvant den inn også.


Den var stadig ut og inn, og det virka mest som der var to fuglar. Og ganske riktig, -for brått tok dei seg pause på gjerdet i lag. Herr og fru kjøttmeis :)


Og inn i rododendroen var det livlig flyging og leik ;)


Ikkje så lett å fange i farta i skyggen. Men vi er spent på om det fortsett, og om det kjem meir fuglekvitter etter kvart :)

Her er nokre fantastiske filmsnuttar frå eit skuleprosjekt!

Hipp hurra!!

Herlige overraskelsaOpprettet av Cathrine ti., oktober 30, 2012 15:55:12
I desse dagar er arbeidet i full gang med å bygge opp ny webside for Ørsta Husflidslag!!



Det er kjempespennande arbeid, og etterlengta for ei stor gruppe å kunne finne informasjon og halde seg oppdatert på ein enkel måte :) Sida er i startgropa enda, og er tenkt som ei dynamisk side der oppdateringar kjem jamnleg. På hovedsida vil ein finne aktivitetar som skal komme og generell info, her inne finn ein også link til ein blogg som skal gje innblikk i tidligare hendingar i laget.

Velkommen innom til "gamle" og nye medlem og brukara!!

Torsdagsfarger

Herlige overraskelsaOpprettet av Cathrine to., mars 29, 2012 16:18:49


Ein herlig påskekylling har fått plass atmed spisebordet :) Den hadde Thor med seg heim frå barnehagen i dag.

Årets første

Herlige overraskelsaOpprettet av Cathrine lø., mars 17, 2012 09:02:11

I går var virkelig vårfølelsen her! Etter å ha kosta, spylt og hatt fram bord og stolar på plattane her heime tok Thor og ej turen ut til hytta for å ete lunsj og kose oss :) Og i veikanten hadde årets første strålande små soler dukka opp.

Så denne hestehoven står no, sammen med fleire, i små glas på spisebordet :)

Skøyteis

Herlige overraskelsaOpprettet av Cathrine ma., januar 30, 2012 14:38:28

I går sjekka vi isen på Hovdevatnet, den var 10 cm og klar for å ta imot oss :) Mørket hadde senka sej, men det gjorde jo ingenting sida der er kveldlys. Det vart berre enda kosligare. Kjekt å ta bilder med i naturlig lys og bevegelseseffekter er det også!


Puckane og ishockey-køllene vi he hatt på lur sida før jul vart endelig overrekt, så gutta var ivrige. Måtte fram med blitslyset på fotoapparatet for i heile tatt klare å få dei med i bildene etter kvart som skøyteteknikken kom fram frå glemselen ;)



Venta i spenning

Herlige overraskelsaOpprettet av Cathrine on., januar 25, 2012 11:23:00
Ej elska nordlys! Har sett lite til det etter at ej flytta hit vi bor no, så det er ikkje lenge sida ej sukka litt over det -må ej innrømme.



Men på søndag var det norlys. Men effekten av det forsvinn i alle lysa frå hus og gatelykter her. Tenkte misunnelig på mannen som var på fjelltur da, ja. I ein verden uten noke særlig lyspåvirking.

I går var det igjen meldt om nordlys, så ej venta i tålmod. Denne gongen kom det frå ein anna kant og holdt sej dessverre "nede" bakom fjella på motståande side. Så det var enda mindre å sjå denne gongen.


Men kanskje ej er på ein mørkare plass neste gong, -om ikkje tek ej bilen fatt ;)



Nærgåande

Herlige overraskelsaOpprettet av Cathrine ti., januar 24, 2012 22:12:28




Ikkje he ej noken gong tenkt over at cymbidiumorkideen var so "hårete", -ikkje før ej retta micro-objektivet mot ein av blomstrane. Fasinerande.

Testing

Herlige overraskelsaOpprettet av Cathrine on., januar 11, 2012 13:47:09
Ej var så heldig å få mej eit nytt objektiv av min aller kjæraste til jul! He drømt om å få bedrive litt macrofotografering i ei evigheit. Så for å få leike og kose mej fekk ej eit microobjektiv :)

Så no på formiddagen, da lyset var på sitt "sterkaste" inn gjennom stovevinduet, kom objektiv og stativ ut frå skapet. Gøy!!

Første offer var dei skjønne lerkekonglene på stovebordet. Så da var det berre å teste kor nært ej kunne komme mej.

______________________________Nært____________________________


_____________________________Nærmar____________________________


______________________________Nærast___________________________


Her er dei første bilda heilt uten noken form for redigering. Og tru nå ikkje dette var dei einste, fullt av bilder av ulike raritetar ligg å ventar på mej for å bli kika på i ei mappe på skrivebordet.

Ha ein strålande dag!!!

Neste »