Cathrine

Cathrine

Velkommen inn til mine evinnelige prosjekt!

Sida det er 1000-vis av dei måtte det ein eigen side til for halde orden på dei.. Og det er ikkje fritt for at det her også er andre drypp fra livet gjennom mine auge :)

Flytta tilbake

EgotripparOpprettet av Cathrine to., februar 28, 2013 19:38:58
Eg har endelig tatt meg sjølv i nakken og tatt grep om bloggane mine. Eg har i lang periode hatt vegring mot bloggsystemet mitt, -eg har endt opp med for mange ulike bloggar. Nesten som eit luksusproblem. Saken er at det mange gonger er vanskelig å skille ulike handarbeidsprosjekt på dei ulike bloggane, derfor har det resultert i ingen blogging på den kanten :(

Men no! No har eg funne ut at det enkle er ofte det beste -som vanlig, og dermed går eg tilbake til min egen private blogg. Den vil derfor etter kvart favne både mitt privat og CatY.

Eg har starta med å kopiere inn ein del av innlegga frå CatY-bloggen, og videre skal eg rydde opp i en del av det som har blitt lagt på vent :)


Stemning

EgotripparOpprettet av Cathrine to., desember 15, 2011 11:54:05
Vinterstemninga har no nesten er forsvunne ute, og blitt erstatta med is, slaps og regn.


Men inne greier ej fint å leve i ei lita boble av jule- og vinterstemning. Og det fantastiske i det heile er at ej endelig har greid å prioritere å lese bok, -endatil to bøker dei siste vekene ;)

Innspirasjon

EgotripparOpprettet av Cathrine to., november 17, 2011 11:19:43
Etter ein herlig kjærestetur til Barcelona i helga er ej full av nye inntrykk og idear. Er nok ein viss fare for at ein del av det som kjem til å skje på kjøkkenet framover kan verte farga av det :)


Etter ei vandring gjennom Mercat de Boquería, -den gamle slakerhallen i bydelen El Raval får ej nok ein gong forsterka følelsen av at vi lever i eit snevert land når det gjeld utvalet i matveien. Dette makedet har fungert siden 1200-tallet, og omgivelsane viser godt det. Ein fantastisk opplevelse!!

Og ikkje langt unna ligg restauranten Dos Palillos. Her fekk vi det beste måltidet ej noken gong har fått!!! Vi valgte den lille menyen, den med berre 12 rettar ;) Eit eventyr av spennande smakar, fantastisk balanserte og perfekt presenterte retter som kokkane lagar mens du ser på. Gå ikkje glipp av dette om du skal til Barcelona! Den er lett å passere da den berre ser ut som ein typisk spansk bar på utsida, men innom forandra det sej til ein resturant med minimalistisk japansk utrykk. Vi hadde reservert, og det er nok ein nødvendigheit.

Mellom regnbygene

EgotripparOpprettet av Cathrine on., oktober 19, 2011 17:22:22
-I alle fall nesten ;)


tok vi ein liten tur ut for å kjenne vinden og sjå på bølgene

Haust

EgotripparOpprettet av Cathrine to., september 22, 2011 10:10:59
Er i grunnen glad i hausten, i alle fall er dei friske dagane med opplett fantastiske!! Og dei litt gufsne mørke ettermiddagane er heller ikkje å forakte når ein har det varmt og godt inne ;)


Og haustfølelsen kjem virkelig når nysnøen er komen på fjelltoppane som her på Romedalstind og kringliggande.

Herlig å gå oppover i korterma og kjenne sola varme i klar herlig haustluft! Enn om det kjem mange slike dagar i haust?

Herlige jordbærtid

EgotripparOpprettet av Cathrine to., juli 21, 2011 18:35:15
Jordbærtida er her!! Og sesongen er altfor kort for oss og må nytast mens vi kan, -derfor har vi jordbær nærast kvar dag :)

Forberede litt den delen av året vi ikkje har jorbær ute må vi også!!




Så no har vi 15 kg jordbærsylte i frysaren, -trur vi skal greie oss med det!! Og det forsvann eit par kilo ned i magen på veien tenker ej ;) Men det gjer ingenting, for slike ivrige hjelpara må få kose sej litt.


Ikkje rart vi gler oss til bærsesongen kjem kvart år

Lat dag

EgotripparOpprettet av Cathrine ma., juli 18, 2011 22:53:45
Vi våkna til overskya og regnvær, og begynte å søke etter alternative aktiviteter. Men etter ein god frokost og litt tid starta det å klarne opp. Og den varsla turen opp mot Helgahornet gjekk som planlagt -i strålande fint vær :) Likeså turen til biblioteket med innlevering og påfyll. Resten av dagen gjekk med til ingenting, -eller alt. Kommer ann på kor ein ser det ;)

I ei stille stund låg fotoapparatet lagelig for litt testing av innstillinger, og mitt vakre motiv satt lagelig atmed :)





Minstemann var oppslukt av sandkasse-byen sin bakom "leveggen" og storebroren var langt inn i ei Donald-historie



Bokbyen

EgotripparOpprettet av Cathrine ma., juli 11, 2011 12:24:48
Vi har hatt oss ein vekes ferietur. Ein av plassane vi var innom var ein av dei fire bokbyane her i landet, -Fjærland. Ein idyllisk liten plass med gamle hus, her har til og med fjøs og hønsehus blitt fylt opp av bøker.








Neste »