Cathrine

Cathrine

Velkommen inn til mine evinnelige prosjekt!

Sida det er 1000-vis av dei måtte det ein eigen side til for halde orden på dei.. Og det er ikkje fritt for at det her også er andre drypp fra livet gjennom mine auge :)

Mens vi venter på sola

Hakking/pjoningOpprettet av Cathrine to., februar 28, 2013 18:33:59
Dette innlegget var lagt ut 11.jan. 2012 på CatY-bloggen:




Disse forsvann rett inn i jula, dei skulle i nokens julepakke :) Dei er hakka etter mi eiga oppskrift.

Og om du vil prøve sjølv finn du oppskrifta her.

Hakka torgvanter

Hakking/pjoningOpprettet av Cathrine ma., januar 10, 2011 21:19:29
Rundhakking er kjekt!! Og no er vantane ferdig.


Brukte grøn og turkis Pt2 (knappe 40 gram til sammen) og "Harmony wood" heklekrok 4,5+5 (krok i begge ender)

*Ej la opp 35 luftmasker i en ring med grønt, og maska opp 35 masker med grønt og maska av med turkis (på rundhakking jobbar ein sej fram med noken av maskene på omgangen av gangen, både oppmasking og avmasking frå venstre mot høgre. Mask opp når du ser arbeidet frå framsida og sjå arbeidet frå baksida når du maskar av.)

*Ej hakka 15 omg med 35 masker, før tommelauking.
*Så ej auka 1 maske på kvar side av dei to startmaskene (så no 37 masker totalt). Hakka så to omg uten auking.
*Auka 1 maske på kvar side av dei fire (no 39 masker), og to nye omg uten auking.
*Auka 1 maske på kvar side av dei seks (no 41 masker), og to nye omg uten auking.
*Hoppa så over dei åtte maskene til tommel og la opp fire masker over holet, og hakka vidare (no med 37 masker) i 9 omg til. Avslutta hakkinga med ein omg kjedemasker i turkis.
*Hekla så med turkis stava i anna kvar kjedemaske med en luftmaske mellom kvar stav. Deretter ein omg til med stav i stav.
*Helka også på ein omg fastmasker i starten av arbeidet med grønt.

*Så plukka ej opp 15 masker til tommel, og hakka 5 omg.
*Avslutta også her med ein omg kjedemasker i turkis.
*Og til sist ein omgang fastmasker i turis.


Så var det berre igjen å feste nokre få trådar :)


Rundhakking

Hakking/pjoningOpprettet av Cathrine to., januar 06, 2011 17:06:51
Endelig!! tok ej berre sats og gjorde forsøk på å hakke rundt :) Siden mitt forige forsøkt på fingerlause torgvanter endte med opprekking (pjoninga i siste innlegg) måtte det verte eit nytt forsøk på å lage eit par. -Pjoninga fe berre vente litt.

Det vert ein vakker tekstur når ein hakkar, og artig effekt fe ein også om det skjer i to fargar. Ein farge ved oppmaskinga og ein anna ved avmaskinga.


Ej he egne hakkekrokar, men til slikt småarbeid er det greit med kortare krok. Så derfor passa det strålande med "harmony wood" heklekrokane, skjønt dei har jo ulik fastheit i kvar ende. Men det kan berre være ein fordel til arbeid med få maskar fann ej ut. Ej maskar opp med den tjukkaste enden og maskar da selvfølgelig av med den tynnaste.

Denne gongen fann ej heilt rette masketalet :) Det spennande vert tommelen, i og med at ej nok ein gong sett igong uten noken oppskrift. Men ej skal nok være flink å skrive ein etterpå ;)

Pjone-krok

Hakking/pjoningOpprettet av Cathrine ti., januar 04, 2011 22:23:11
Her vart juletredet brått kasta ut, og med det for visst nokså effektivt resten av jula også. Den kjekke svigermora mi såg at tredet var vekk og kom med tegn på at vi går mot lysare tider :)


Og sjølv om lista over forsøkte handarbeidsteknikkar er nokså lang er det forstatt ei bra rekke uprøvde, og dei har ej også i år eit håp om å priore tid til ;) Deriblandt ein gammal teknikk som heiter pjoning. Det kan fint gjerast med ein heklakrok, men det er adskillig meir sjarmerande med den gamle pjonekroken i syskrinet.


Det er ein liten sak i horn (annslår ej) som er omtrent 1/2-2/3 av lengden til ein vanlig heklakrok. Den er flat og vidnar ut bakover, slik at maskestr regulerast med kor langt bak ein dreg maskene.

Så forrige kvelden var ej klar til å teste:) Og etter eit lite dykk nedi ei av garnboksene starta ej opp med eit nøste med lys turkis tynn alpakka. Ej la opp 45 luftmasker. Men etter å ha pjona eit godt stykke fann ej ut at det vart for trangt for planen min om "torgvanter". Så da var det berre å rekke opp igjen -noko som forøvrig er eit herk med alpakkagarn!


Pjoning går enkelt ut på hekle kjedemasker enten i fremre eller bakre del av forrige kjedemaskeomg. Når ein hekla i bakre vert det horisontale striper som på nedre delen av prosjektet over, og når ein hekla i fremre vert det som den delen kroken ligg på. Pjoning har ei rekke andre mønstemuligheiter. Teknikken gir eit tett og nokså lite tøyelig resultat, den vart tidligare ofte nytta til mellom anna fiskevottar her omkring.



Ørevarmara

Hakking/pjoningOpprettet av Cathrine to., desember 11, 2008 19:28:58
Gard fekk også ørevarmara i kalenderen. Has e hakka med "Alaska" på pinne nr 6 over 13 masker til ønska haudeomkrets.Blog Image

Grytekluter

Hakking/pjoningOpprettet av Cathrine to., november 27, 2008 23:40:32
I kjent stil er ej ikkje så god på å vente på å sjå kor ting blir utsjåande ferdig.. Derfor var ej bare nødt til å gjer prøvekluten til eit ferdig produkt, -gryteklutar. Så no , to kveldar etter er dei klar.Blog ImageEr laga i tokrokhakking med 35 m på p 4 i to raudfargar av "Cotton" fra StofogStil (165m pr 50g). Hakkefastheita blei 23 m*14 riller (28 avm & 28 påm). Kanta med fastmasker i oransj. Med dinna teknikken blir dei tydelig tosidige, da dei to raudfargane viser mest på kvar si side.

Ny utfordring

Hakking/pjoningOpprettet av Cathrine on., november 26, 2008 11:22:19
En dag kom pjoning/hakking på snakk bort med Tove (svigermora mi), ho hadde laga ei handdokke med den teknikken for årevis siden. Og no fann ej ut at no va ej klar for å prøve.
Googla litt og fann Solvor Hofsli , ei dame som kan ditta! Bestillte hakkekroker og teknikkhefte med henne. Og ditta gjekk kjapt!! Dei lå i postkassa dagen etter, utrolig!
Så dei kom altså i går, og etter att ungane va komt i køya var ej i gang smileyBlog Image