Cathrine

Cathrine

Velkommen inn til mine evinnelige prosjekt!

Sida det er 1000-vis av dei måtte det ein eigen side til for halde orden på dei.. Og det er ikkje fritt for at det her også er andre drypp fra livet gjennom mine auge :)

Dvergmandelen

HagegledeOpprettet av Cathrine lø., mai 14, 2011 11:25:12

Det vel meterhøge dvergmandeltreet (prunus tenella) står i full blomst nede ved steinbenken vår. Eit vakkert, oppstamma lite tre overfyllt av små rosa blomster fulle av djupare rosa støvdragara med gyldengult pollen. Delikate fargar i vårsola som kika fram mellom skyene.


Kanskje for å minne mej om eit sommerskjørt ej spontant sydde mej rett etter å ha åpna ein pakke med stoff frå Danmark. Ej tok mej ikkje eingang tida til å skulle tre om til passande trådfargar på dei nyaste symaskinene, -så den gode gamle som snart he 20 årsjubileum fekk triumfere litt ;)



Ikkje har det fått nyte godt av strykejernet enda heller, men kva gjer vel det :)

Om du er hekta på stoff, -som ej, og enda ikkje he stifta bekjentskap med Malika & Rosa så annbefalast det!!

PS! Thor og ej laga forresten ein av dei beste isane ej he smakt i går!! Du finn oppskrifta her

Liten tue

HagegledeOpprettet av Cathrine fr., april 15, 2011 09:57:38
skiplar rar mamma, -eller kor va det?


Ein liten kjempe er i alle fall like fasinert ;)

Lykke og lykkelig

HagegledeOpprettet av Cathrine on., februar 09, 2011 08:55:42
Lykke e når livet har rom for leik. Leik som kjem heilt av sej sjølv.
Stadig vekk :)




I går kveld kom denne karen på besøk. Han står så kjekk og speidar utover sjøen, her frå oss. Her han står midt i oppkjørselen.


Ei snølykt vart det også av meir av den kramme snøen. Den stod fortsatt å lyste da vi kika ut av vinduet før frukost :)





Lite slår lyset som kjem ut mellom ladet med snøballar forma av vottekledde hender i vintermørket. Det er kjekt at vinteren fekk snø igjen!




Sommerfugljakt

HagegledeOpprettet av Cathrine to., juli 29, 2010 23:18:42
Å kunne springe på evighetsjakt etter sommerfugl er kjekt!


Og to på ein gong er dobbel lykke :)


Snike sej stilt innpå


Rakk ej det mon tro?


Hmm, ikkje heilt dinna gongen heller

På hjul

HagegledeOpprettet av Cathrine lø., juli 10, 2010 20:05:32
Den store verandaen vår må ha litt liv ;) Både for atmosfæren og for å ha litt le. Så dermed har vi planta i store murerkar, som vi har bora hol i botnen på.

Plantinga tjuvstarta ej på for eit par år sida, slik at det skulle vekse sej litt frampå til platten var ferdig.

Og no har Narve, med god skruhjelp frå Helene kledd inne kara med restane av lerka frå verandagolvet.


Og som vanlig er Narve full av gode idear! Han satte hjul på alle fem kassene slik at dei kan trillast dit vi måtte ønske å ha dei alt etter vær, vind og solforhold :)

Han har brukt skateboardhjul som er kjekt integrert i botnen på kassa, godt gjømt :)

Kassa over romma ei klatreplante og har derfor fått espalier med gamle brøytastikke i bambus, -som kommuna hadde utrangert og heve på miljøstasjonen. For å glede mej!?


Klatreplanta er ein kattebusk. Den får skjønne kvite og rosa spissar på blada når den veks sej til.

Og sida toppen av espalieret rager 2 meter over golvet vil den gje ein flott effekt oppe på verandaen.


Alle kassene har ulike planter, både i fargar og uttrykk. Her er både tred og busker. Her vert det kjekt å være :)

Og Thor he allereide funne den første gjesten til å nyte det nye livet med plantene på verandaen






Befrukta

HagegledeOpprettet av Cathrine sø., juni 13, 2010 20:54:21
Etter ein tur vekk i helge måtte ej selvfølgelig berre gå mej ei runde i hagen og sjå etter oppdateringa, og der var dei.



Aprikos-kart!!



Kor spent ej e på ka ditta vert!!!

Nedi min hage

HagegledeOpprettet av Cathrine ti., juni 08, 2010 23:09:17
På den blå/lilla/rosa delen av hagen har blomstrane begynt å ville vise sej fram :) Dei vert fantastiske i fargen mot den store okerfarga veggen til ungdomshuset og det irrgrøne forsommergraset!! Ei herlig kontrastbombe


Og ja, ej veit at det fjerde bildet ikkje vekker dei beste følalsene hos dei fleste som har stifta bekjentskap med dei i hagen sin. Men dei er blitt som ei daglig rutine for mej etter at ej våkna opp nokre dagar etter at ej hadde plassert ein del av flyttelasset mitt på plass i molda og fann store delar av staudene mine nærast nedbeita. Og ej , -med mitt naive sinn brukte faktisk nokre dagar på å forstå kva det var som gjor at dei tidligare så frodige og villige blomstrane berre forsvann, nærast i lause lufta. For so gale var det faktisk. Å ta over ein gjengrodd hage med årevis av fri yngling for brunsniglene har sine sider. Men ej fe nå lufta mej litt tidlig morgen og i kveldinga i nærast all slags vær, alltid bevepna med saks og parat til å klippe i to. Her tek ein ingen sjanser!!!

Men tilbake til saken. Ej e alltid like henrykt når staudene i tur og orden viser fram si beste side, inga begrensing at dei gjorde det samme i fjor, året før og året før det igjen. E'kje det fantastisk ka sjølvpåført erindringstap kan gjer ;)

Så sett ein strek over fjordåret og start på nytt. Er virkelig å annbefale!!!!

Og hvis noken vil sjå bilda litt større er det berre å klikke på dei, eller stikke ein tur innom :)

Rabarbratid

HagegledeOpprettet av Cathrine ma., juni 07, 2010 10:34:18
Etter noen dager med god temperatur hadde visst rabarbraen funne ut den ville til å blomstre, men det ville ikkje ej! Så etter ei lita økt med kniven er den no klar for å forsyne oss med herlig sursøtt ein gong til i sommer :)


Så ein god del av den har no vorte dagens dessert, klar til å nytes på verandaen etter middag. Har også vore flink nok til at ej he tenkt over mengde av forskjellig som har havna ned i suppa i dag, og det finn du meir om her -hvis det fristar.


« ForrigeNeste »