Cathrine

Cathrine

Velkommen inn til mine evinnelige prosjekt!

Sida det er 1000-vis av dei måtte det ein eigen side til for halde orden på dei.. Og det er ikkje fritt for at det her også er andre drypp fra livet gjennom mine auge :)

Grøne fingre?

HagegledeOpprettet av Cathrine ti., april 02, 2013 19:07:53
I dag har våren komt her inne! På formiddagen planta Thor og eg tomater. Før vi kunne så måtte vi ha potter, så Regionsavisa frå påska låg lagelig til for hogg i papirdunken. Først skar vi strimler på 8-9 cm bredde, rulla ei remse rundt ein dorull slik at halve høgda på remsa var inn på dorullen og halve stakk nedføre. Så bretta vi inn det som stakk nedføre til botn i potta og brukte skaftet på ei sleiv til å trykke botnen nogenlunde flat frå innsida, -den jevnar seg meir ut når det har komt mold i ;)


Så var det klart for å fylle mold i, den oppgava tinga selvfølgelig Thor på aleine :) Og den snertne "moldausa" ej fann i haust var som venta kjekk til dette!


Så no har fire sortar tomat komt i jorda, det vart Udi, Tiny Tim, Moneymaker og Black Russian i år. I tillegg til eit optimistisk TYGGISTRE-eksperiment i vinduskarmen til Thor :) Vi får sjå kva som gir avling først... Spennende!

Siste rest

HagegledeOpprettet av Cathrine ti., november 22, 2011 12:51:41
Før frosten var på snarvisitt for nokre dagar sida rakk ej å plukke siste rest av blomster i kjøkkenhagen, ringblomster, litt blomkarse og signetttagetes


Og ej er så heldig at der er fortsatt fleire urter ej kan plukke, blandt anna er timian ein fantastisk sliter :) Og godt er det for det er ein av yndlingane. Har du forsøkt å gi rabbestappa den fine avsluttninga av litt stødte karvefrø og frisk timian? Herlig!!

Minner frå seinsommar

HagegledeOpprettet av Cathrine sø., oktober 30, 2011 16:41:53




Når ein rydder i bilder kjem ein over forskjellig. Som kaprifolen ein flott seinsommardag. Ingenting slår lukta av den villtveksande kaprifolen i skyminga, det er da den luktar sterkast. Men med alle mine favorittlukter er det vel meir rett å sei at ingenting slår lukta av den -akkurat da ;)

Men dessverre får ein aldri denne fantastiske lukta når ein tek dei inn, ikkje om ein sett plasserar dei rett atmed der ein sit eingong, tru mej -ej he prøvd. Mange gongar!! Like optimistisk kvar gong ;)

Ferdighausta

HagegledeOpprettet av Cathrine to., oktober 20, 2011 22:58:43


Dei flotte potetene vi grov opp i haust har vi for lengst ete opp, det samme med alle dei andre grønsakene. Eit par av gulrøttene tok til å blomstre, resten var blitt veldig gode vennar der under jorda. Thor og ej var ikkje i tvil da vi prøvde å snurre dei laust frå kvarandre uten å knekke for mange. Men det var ikkje så lett å så tynt da vi var ivrige med å så i våres, -vi to ;)

Kanskje til neste år

Epletreet vårt

HagegledeOpprettet av Cathrine sø., august 28, 2011 07:38:38






Det hadde tre epler "tidligepletreet" vårt i år, men no har det ett. Kanskje det rekk å verte modent...

Sommerglede

HagegledeOpprettet av Cathrine on., juli 13, 2011 09:15:48


Nok ein peon

HagegledeOpprettet av Cathrine ti., juni 14, 2011 09:26:52
I går kom sola for fullt utover dagen. Og litt tynga av dårlig samvittighet gikk ej laus og luka litt i bedda mine, -som har hatt stor vekst og lite stell i alt regnet. He he, godt å ha noke å skylde på ;)

Mens ej luka avgårde i særs effektivt tempo, for ej hadde ikkje tenkt å vie resten av dagen til å stå opp ned i fineværet, -skvatt ej til i enden på det gule bedet! Heilt fullstendig uforberedt på det som møtte mej!!


Min gule trepeon he på sin femte sommar her med oss funne ut at den skal vise si prakt :) Ej har i grunnen vore meir fokusert på at planta har greid nok ein vinter slik at ej ein gong i framtida kan få sjå den blomstre. Og slik har åra gått.

Så ikkje var ej forberedt på at den brått skulle lyse opp med ein knall gul blomst der ej hasta forbi.


Og er ej heldig tek kanskje regnet, som igjen har komt tilbake, ei ny lita pause snart slik at blomsten kan verte frista til å opne sej heilt. Om ikkje er der jo ein liten knopp i bakhand også :)

Om noken lurer er dette ein Paeonia lutea var. lodlowii, ein av dei mest harfører trepeonane hos oss.

Tidlig ute

HagegledeOpprettet av Cathrine lø., mai 21, 2011 15:48:24

For nokre år sida var ej så heldig å få ein peonrot av min tidligare arbeidsgjevar. Han visste om mange av mine fasinasjonar, -og kom derfor med eit lite al av ein enkel peon :)

I tre, eller har det blitt fire år, har ej venta på å få sjå det lisje vidunderet. Og den 14 mai var det visning ;) Ikkje hadde ej venta å ha peonblomstring før 17. mai!!


Enkle peoner er nydelige! Men når peonane blomstrar er det mest som ein regel at det regnar -rikelig! Og mens alle dei andre fylte peonane da heng mot bakken og gjemmer sej i regnværet står jammen denne like stødt. Heilt uten hjelp også.


Og slik har den stått ei veke i regnet no, og lyser opp med støvdragarane som ei sol i midten. Mon tru om den skal ha for vane å blomstre så tidlig vidare?






Neste »