Cathrine

Cathrine

Velkommen inn til mine evinnelige prosjekt!

Sida det er 1000-vis av dei måtte det ein eigen side til for halde orden på dei.. Og det er ikkje fritt for at det her også er andre drypp fra livet gjennom mine auge :)

Vinterluksus

KjøkkenkosOpprettet av Cathrine ti., januar 10, 2012 11:02:25
Ute er vinteren slett ingen glansbildevinter, -men mørk og våt. Veldig våt. Og glatt. Det skein i speglblank is mens vi gjorde det beste vi kunne for å få fotfeste på veg opp i barnehagen i dag, Thor og ej. Og snart har vel den regna vekk og.

Men inne luktar det bringebær. Det fyller heile huset. Lukta av syrlig og søt sommer. Litt skikkelig vinterluksus!!

For på ovnen har saftpanna stått og dampa. Full av små skatter frå sommeren, henta opp frå fryseren. Denne gongen låg rips, bringebær og rabarbra i ei salig blanding for å bli deilig saft. Og like fasinerande er det kvar gong kor bringebæra alltid dominerar lukta som kjem.



Og etter ein tur på besøk med Besta i helga var ej så heldig å komme heim med nokre skikkelige saftflasker. Så no står lunka saft på benken i gode gamle Zalo-flasker :) Nesten som det er seinsommer hos Besta

Og om noken har fryseren full av sommer, fordi dei som ej aldri greier å stoppe å plukke når naturen bugnar, finns ein slags oppskrift på dagens saft her.

Julebakst

KjøkkenkosOpprettet av Cathrine on., desember 07, 2011 09:57:11
Her i huset har julebaksten fått eit kongelig preg ;)




For brått vart minstemann ein prins der han sto atmed mej og trykte ut julekakene.

Vi har holdt på med julebakst ei periode no, for sida ej synes adventstida er noko av det herligaste vi har er vi tidlig ute. I år bakte vi mindre posjonar enn vanlig, så no er vi allerede klare til å bake meir av dei sortane det går mest av :)

Skal få lagt ut nokre av oppskriftene som har vore etterlyst i løpet av dei første dagane :) Nokre finn ein allerede under julekaker på Kjøkkenkos


Jaktinstinkt

KjøkkenkosOpprettet av Cathrine on., november 02, 2011 18:27:53

Pussig kor aniskringlene alltid avslører ein del av det som opptar tankane til minstemann, -som denne lassomannen. Han måtte ha fire lassoar for å klare å fange alle villdyra på det andre steikebrettet :)

Epletesting

KjøkkenkosOpprettet av Cathrine ti., oktober 25, 2011 21:38:42
I dag prøvde vi oss på eplesaft, ein liten test med små mengder.


Dette var toppen, men den vart for søt for vår gane og treng nokre andre små justeringar. Gler oss til neste resultat :)

Alt det gode i silkledet kunne ikkje gå til spille. Det fekk eit raskt oppkok og tilsatt eit friskt eple i småbitar, og hatt over på glas. Litt eplemos er alltid greit å ha på lur.


Og oppå glaset kom ein anna liten test. Ej prøvde strikkfoten ej akkurat he fått til symaskina. Den foten ej hadde glømt at ej skulle ha -heilt til ej var på slyng bortmed Tonje. Ho hadde sydd slike søte gammeldagse hetter ved hjelp av ein slik fot, og sida ej ikkje har tenkt på det før he ej hatt mosket med å strekke strikken manuelt. Om noken lurer er det slik at sykaskinfoten er laga slik at den strekker ut strikken for dej, ein berre stiller kor mykje den skal strammast :)

Og om nokre lurer på kor vi laga safta kjem oppskrifta på kjøkkensida vår når den er ferdig utarbeida.

Kjøkkenhagen

KjøkkenkosOpprettet av Cathrine on., august 10, 2011 22:01:48
Vi nyter fortsatt feriemodusen som herskar her i nr. 37!! Om været ikkje er like sommerslig så prøver vi i alle fall å få maten til å stråle sol ;) Og i kjøkkenhagen veks det, om ikkje alt like fort


Sommer og salat hører sammen, og da plukker vi rundt oss!! Helene lagde dagens middagstilbehør slik



Sandkakeformer?

KjøkkenkosOpprettet av Cathrine to., juni 09, 2011 18:24:24
Ej har i lengre tid undra på kva dei skjønne sandkakeliknande formene ej arva etter mi reservebestemor kan ha vore brukt til. Ej he aldri sett dei i bruk.


Og ved ei tilfeldigheit dukka det opp nokre gamle steikebrett med omtrent slike former prega nedi på ei side ej "sprang" forbi. Og mine lause måtte vel kunne duge like bra som konditorens faste Madeleine-former :) Og med ein kik i mi erverdige gamle bok av Schønberg Erken kombinert med eit kjapt søk innom Viestads matspalte i Magasinet kom min versjon av Madeleiner til i ettermiddag. Du finn den her.

Dei forsvann som dugg for sola med ein gong dei vart server, etterfulgt av eit ønske om eit dobbelt antall til kaffimaten på søndag :)

Høgt heng dei..

KjøkkenkosOpprettet av Cathrine ti., mai 10, 2011 13:44:44
Vi har hatt nokre fantastiske solskinnsdagar, ein virkelig forsmak på sommaren! Og da våkner lysta på andre smaker hos mej :)


Sitron er ein av sommersmakane!

Så med alle dei flotte dagane vi no har hatt er det ikkje fritt for at det har gått med nokre sitonar. Litt andre sitrusfrukter har også fått slå følge. Og da ej endelig, etter å ha hatt lyst til å prøve å lage Limoncello i fleire år kara mej til å gjere det -fekk ej ei voksen mengde sitronar utan skal til overs.



Men dei forsvinn fort! For da fekk helgas sitronpai ei ny utgåve ifølge av litt lime og ej fekk laga min vri på ein limonade med granskudd og sitron.








Dessert

KjøkkenkosOpprettet av Cathrine on., mai 04, 2011 23:24:08
-det også er vi glad i her i huset ;)



For ei stund side lagde Narve rødbetpærer til oss som avslutning på eit bedre måltid. I kveld har ej laga husets variant av dei til å ha ståande på lur, -hermetisert på nokre passe store norgesglas. No luktar det deilig i heile huset og ej gler mej allerede til dei skal etast! Dei har ein fantastisk farge og smakar nydelig. Om du vil prøve finn du mi oppskrift her.

Neste »