Cathrine

Cathrine

Velkommen inn til mine evinnelige prosjekt!

Sida det er 1000-vis av dei måtte det ein eigen side til for halde orden på dei.. Og det er ikkje fritt for at det her også er andre drypp fra livet gjennom mine auge :)

Til ting og tang

SaumOpprettet av Cathrine to., juni 13, 2013 21:52:13

For litt sida sydde eg ein liten enkel svart/kvit sak som Helene kunne ha pass og reisepapir i til ho skulle på tur. Og den var så kjekk å sy at det vart ein liten serie med meir fargerike utgåver etterpå

Bunadsliv

SaumOpprettet av Cathrine ma., april 29, 2013 12:17:04
Konfirmanten min har fått overta min sunnmørsbunad (frå forrige innlegg), for eg fant ut da eg begynte på Narve sin ny bunad, -den nye brune mannsbunad frå Sunnmøre (den som har blitt rekonstruert frå gamalt draktmateriale), at det passa meg strålande å ha den nye kvinnebunaden frå Sunnmøre (den som også vart rekonstruert etter gamalt draktmateriale).

Men min vert nok ikkje heilt lik Husfliden sin. Min vert eit resultat av arva skattar, mi Besta sine erindringar og nokre gamle akvarellar frå heimstaden hinna (og slekta mi).


Eg har mange planar, derfor kjem eg til å ende med fleire alternativ. Kjekt å velge utfrå annledning, vær og humør ;) Men først ut er det raude livet. Den fargen Besta meiner mi tippoldemor hadde på sitt liv. Liva frå den tida hadde ofte firkanta utringing kanta med band, gjerne silkeband med mønstringar i streke fargar. Dette var jo frå ei tid der sterke fargar og blanke effektar var ekstra gjevt, -jo meir fargar jo bedre vert vel sagt. Men eg har ikkje kjøpt ferdige band heller, mine band har fått kopiar av broderia frå forlovelseselane til tippoldefaren min i blank tråd med dei same sterke fargane som var på selane. Fantastiske kombinasjonar av klare fargar i fiolett, raud, lilla, grøn og gult. Blir glad berre av å jobbe med dei.

Om dette ikkje er ein godkjent drakt frå bunadsrådet er ikkje så farlig for meg, det er mykje viktigare å få bruke og vise skattar eg kan hente frå folk som eg har ei tilknytting til på ulike måter :)

Det raude livet er no så godt som ferdig og eg skal presantere det skikkelig etter kvart

Bunadstid

SaumOpprettet av Cathrine on., april 24, 2013 16:36:02
No er bunaden til konfirmanten her i huset ferdig montert og sitter som støpt. Eg har berre igjen å sy på lommelåsen, -når den er ferdig gravert :)

Både bunaden og skjorta har hinna Besta (mi mor) brodert, veldig vakkert!


Og i kveld er det bunadskafé i husflidlaget her i Ørsta. Den er åpen for alle, både medlemmar og dei som ikkje er det. Meir om det her.

Barnemarius

SaumOpprettet av Cathrine ma., april 01, 2013 10:19:14
I påska vart desse mariustunikane ferdige og nådde eigar. Dei er sydd av nydelig dobbelstrikka marius i tynn ull. Den lyse sida er brukt til ein armlaus tunika, mens den blå sida vart ein med armar.



Vintersol

SaumOpprettet av Cathrine lø., mars 30, 2013 12:17:55

Siste tilskudd til kjoleutvalget mitt vart sydd på formiddagen i går. Den er i ein deilig kraftig jersey slik at den er uten glidelås, -berre å tre over haudet i full fart ;) Omslag med nokre herlige gamle knappar på bærestykket, og dei er berre til pynt for omslaget er fastsydd slik at det ikkje trengs knapphull heller. Ellers har den fått kvit- og oransjstripa ribb på armar og rundt hals og ei stor oransj blomstersol applikert på skjørtedelen! Den er utklipt frå eit fantastisk dynetrekk eg fann på loppis på Sæbø for nokre år sida, -og gjett om eg har nøyta det godt og verna om favorittbitane ;)



Treet

SaumOpprettet av Cathrine lø., mars 02, 2013 09:09:25
For ei god stund sida kom ideen om eit hausttre av stoffrestar. Eg driv med litt ekornlagring av ulike stoffbitar som vert til overs etter klipping og eg ikkje heilt greier å kaste, -dei kan jo heilt sikkert brukast til noke... Så da vert dei lagt i eit skap til det formålet, ei kasse for kvar farge slik at det er lettare å ta dei igjen ;)

Men i alle fall skulle nokre no til pers. Utgangspunktet var eit stykke lin på rundt 50x50 cm. Skissa svakt opp grunnforma til treet først, og sydde ein omg med rettsaum i "stammefarge" for å markere forma.


Vidare klipte eg ut mange små blad i flammande haustfargar og festa dei med stofflim på spray, vlisofix kan sjølvsagt også brukast men er lit meir pirk på småbitar i mange ulike stoff.


Til slutt fekk treet seg fleire omganger med rettsaum for å feste blad og å markere stammen tydeligare. Det er berre å kjøre i veg med ein einast lang saum.


Og det ferdige treet ligger og venter på syrommet, det skal etter kvart bli ei pute

Mariuskjole igjen

SaumOpprettet av Cathrine to., februar 28, 2013 18:42:10
Dette innlegget vart lagt ut 15.okt 2012 på CatY-bloggen:


Så var haustferien over og ej er tilbake på syrommet.



I dag vart denne lyse Mariuskjolen ferdig til å hentast. Strålande i haustfrosten som har komt så smått :)

Marius

SaumOpprettet av Cathrine to., februar 28, 2013 18:40:41
Dette innlegget vart lagt ut 8.okt 2012 på CatY-bloggen:


I dag er det Marius som gjelder på syrommet.



Etter ønske frå ei flott dame har denne komt til. Den er i tynn dobbelstrikka ull og no gjenstår det berre å legge den opp nede, -så er den klar til å varme godt utover hausten og vinteren

Neste »