Cathrine

Cathrine

Velkommen inn til mine evinnelige prosjekt!

Sida det er 1000-vis av dei måtte det ein eigen side til for halde orden på dei.. Og det er ikkje fritt for at det her også er andre drypp fra livet gjennom mine auge :)

"Sola kjem i vinterland"

StrikkingOpprettet av Cathrine to., februar 28, 2013 18:37:17
Dette innlegget vart lagt ut 17.mars 2012 på CatY-bloggen:

Ej har annskaffa mej strikkemaskin! Og sida ej ikkje er så god på små prøveprosjekt vart eit jakke i kort, lett ull med rette 3/4 armar først ute ;) Berre ein piturandes liten lapp for å teste strikkefastheit vart laga først.



Her er ein slags oppskrift om nokre vil ha (kan selvfølgelig brukast ved handstrikk også, men da må riktig strikkefastheit testast ut)

Huldra kamgarn 8,5/2 med 4,5 mm grind og Sp 4. Det gjekk med 240 gr garn inkl heklekantane.

Bol:
La opp alle maskene (220) og strikka 24 omg gul (8033), plukka opp og laga dobbel kant. Strikka videre med samme maskeantall i stripeeffekt med 10 og 10 omg vekselvis lys turkis (8104) og halvbleika kvit (8099). Strikk 13 og 3/4 striper, -altså 137 omg. Starta med turkis og avslutta med kvit.

Armer:
Fortsett å strikke uten å ta av bolen. Strikk 4 omg kvit, og deretter vekselvis turkis og kvit som på bolen. I tillegg til dei 4 omg kvit strikkes 11 heile striper, -altså 114 omg. Strikke så 2 omg gul og fell av.

Montering:
Eg bruker overlock (om du ikkje gjer det kan det være lurt å sikre med sikksakk før du klipper opp)

Damp strikket godt. Klipp så fra delen til armer. Kanten på strikket vert opninga framme, så brett det slik at det ligger dobbelt (ut inn) med denne splitten midt på. Sy skuldersaumane, -begge i ett. Klipp armstykket i to i høgda, brett dobbelt (ut inn) og sy armsaumane. Klipp ned armåpninga i bolen og monter armane i -husk å være forsiktig om du ikkje sikrer mot rakning. Klipp passe halsboging, djupare framme enn bak og sikr den med ein saum.

Plukk så opp med gult på heklekrok 3 opp åpninga framme, rundt halsen og ned igjen framme (3 fastmasker pr 4 omg). Tilbake hekles staver i kvar fastmaske. 3.omg hekles picotkant ved å starte med 2 fastmasker, så 1 picot slik: 3 luftmasker og 1 kjedemaske ned i fastmasken. Hekl så 4 fastmasker og 1 picot i den 4 fastmaska heile omg. Husk å tilpasse slik at picoten treffer likt på høgre og vesnstre side av jakkeåpninga (lur det til med ev. 3 fastmasker mellom picoten 1 gang eller 2 om det trengs)
På armene hekles stav i kvar maske nede på den gule kanten, deretter i omg med picot som på bolen.

Strikkemaskintråd

StrikkingOpprettet av Cathrine to., februar 28, 2013 18:35:48
Dette innlegget vart lagt ut 17.mars 2012 på CatY-bloggen:


Strikkefasthet
10x10cm:

-Huldra kamgarn 8,5/2 (Hillesvåg), 425m på 100 gr:
Sp 4 på 4,5 mm grind gir 23m x 31 omg

Fritt etter Fana

StrikkingOpprettet av Cathrine fr., januar 13, 2012 20:18:21
Mitt siste strikkeprosjekt har også blitt offer for litt nærgåande fotografering.


Ej he begynt på ein herlig omslagsbolero med røtter i Fana-kofta. Ja, for tenk ej følger ei mønster, -kan ikkje huske sist ej fulgte eit etter punkt å prikke. Skjønt det er vel ikkje fritt for at ej gjer nokre små Krumspring ;)

Det er Sidsel J. Høivik som har designet denne nydelige "Fritt etter Fana"

Om du vart nyskjerrig finn du oppskrifta her.

Polkavotter

StrikkingOpprettet av Cathrine on., januar 04, 2012 20:15:13
Eit lite juleprosjekt var ferdig for nokre dagar sida. Dei er i forholdsvis tynn ulltråd, og om nokre vil ha denne greie framgangsmåten som har blitt til over år med vottestrikking legg ej den ved :)


Pt2 og pinne 3,5

Høgre hand:
-Legg opp 40 m, og strikk bråt med 2 r og 2vr til ønska lengde.
-Strikk så 8 omg og begynn deretter på tommeløking:
-Strikk 2 m, øk 1, strikk 2m, øk 1, strikk omg rundt. Øk videre på annen hver pinne 1 m på hver side av forige øking. Til sammen 6 ganger. Nå består tommelen av 14 m som settes på tråd/sikkerhetsnål på neste omg.
-Legg opp 2 m over tommelmaskene, slik at det er 40 m igjen. Strikk 31 omg og begynn deretter med avfelling.
-Fell hvar 10 m, og stikk så 2 omg.
-Fell hvar 9 m (men plasser dei midt mellom dei forrige), og strikk 2 nye omg.
-Fell hvar 4 m, og strikk 2 omg.
-Fell hvar 3 m, og strikk 2 omg.
-Fell kvar 2 m (til 8 masker totalt), tre gjennom ein tråd, snurp sammen og fest.

Tommel:
Ta opp dei 14 maskane fra tråden og ta opp masker i oppkant. Fell på dei første omgangane slik at det er 16 masker til tommel.
Strikk 16 omg, fell kvar 4 m.
Strikk 3 omg, fell kvar 3 m. Tre dei 8 resterande maskene på tråd, snurp sammen og fest.

Venstre hand:
Strikk som høgre, men ved tommeløking gjer ein det på slutten av omg i stedet for i starten.

Stripeeffekten på bildet over er med tre omg av kvar farge.

Blånissen min

StrikkingOpprettet av Cathrine ma., desember 06, 2010 20:23:02
Da julekalenderen på Nrk startet hadde Thor ett ønske ej ikkje var heilt forberedt på. Han ønska sej so masse ei blånissehue. Og sida den ej strikka til Helene ein gang i tida for lengst er gitt vekk, var det berre å ta pinnane fatt igjen. Og i to dagar har ein blånisse svindsa rundt oss :)


Ulltråd som tover seg, ej brukte ein med 75m på 50gr.
La opp 90 maska på pinne 6, strikka 20 omg.
Felte så 4 masker fordelt rundt kvar 4. omg til det var 4 masker igjen. Tredde tråden gjennom og festa i begge ender. Heiv den i vaskemaskina på 60 grader atmed ei dongeribukse. Så var hua klar til bruk, -etter litt tørketid da ;)




Sommerens første ferietur

StrikkingOpprettet av Cathrine on., juni 30, 2010 22:12:38


kan du sjå meir frå her. Og med nokre timar i bil måtte det selvfølgelig eit lite prosjekt til. Ein "Pippigenser", ein slik lang sak som er mest som ein kjole å rekne. Den var starta på underveis, og er ein "blir til etter kvart" :) Vert kjekk å ha når ej skal sitte ut seinsommer og haustkveldar. Hvis den vert ferdig til det da -og ej vert flinkare til å sitte ;)



Strikkar på pinne nr. 7, med garn i strikkefastheit 6-8. La opp 110 m og strikka nokre omganger r og vr, før ej auka til 120 m og glattstrikk. Så får ej sjå ka som skjer etter kvart :)



Som genseren viser har det vore mykje sjø og blå himmel på turen :)

Varme hender

StrikkingOpprettet av Cathrine on., mars 17, 2010 20:40:40


Eit nøste og nokre knappar kan bli så mangt, -dinna gongen vart det pulsvarmar/fingervantar.


Strikka av Sandnes sin "Palett" (420 m pr 100 gr) på pinne 2,5:

Legg opp 48 m og strikk frem og tilbake hele veien. (Ej tar alltid av første maske på omg for å få en kjedekant som er lett å plukke opp masker fra etterpå)
Start med vrangbor med 2r og 2vr i 1,5-2 cm.
Strikk så videre glattstrikk.

Når arbeidet måler 12-13 cm økes for tommel slik (fra retta):
På hver side av maske nr 15 og 16 økes 1 maske, -altså strikk 14 masker, øk 1m, str 2m, øk 1m, str 30m. 2 masker hver 4. omg på hver side av disse oppover (det vil da bli to ekstra masker mellom de økte for her gang en har økt) til sammen 7 ganger. Strikk de tre omg etter 7. øking før de 16 tommelmaskene settes av på tråd, -ta opp to masker over tommelmaskene.
Det er igjen 48 masker på arbeidet.

Strikk videre i 2 cm, deretter strikkes 2 cm vrangbord med 2r og 2vr før det felles av.

Tommel:
Ta de 16 maskene som er på tråd på pinner og plukk opp 4 til rundt, slik at tommelen har totalt 20m. Strikk (på 5 pinner) glattstrikk i 1,5 cm, deretter vrangbord med 2r og 2vr i 1,5 cm. Fell.

Knappestolpe (falsk):
Plukk opp 68 m (tilpass etter antall omganger det er på vantane) langs den eine siden på handbaken. Strikk vrangbord med 2r og 2 vr (start og avslutt med 2 r på rettsida) i 15 omg, fell og sy sammen med den andre kanten.

Sy på knapper til pynt på den falske knappestolpen. Det gjer ingenting om knappane ikkje er heilt like ;)

Husk å speilvende for tommeløking på andre handa! Der strikka ein da dei 30m først og dei 14 til slutt.


Dette vert tilsittande pulsvarmara, så hvis du likar dei litt ledigare eller ikkje har så smale hender kan det gjerne strikkast med pinne 3.


Skjerf

StrikkingOpprettet av Cathrine fr., februar 19, 2010 09:59:27
Min utgave av remsene i havskum som bestemødrene her stikka (i eit tidligare innlegg) skulle ej ha til eit lite smalt skjerf. Det har ligget ferdig og venta på sin første annledning til å lufte sej.



Og i går fekk det være med sammen med ei skjønn nål ej har fått etter mi reservebestemor, -damen som bodde i nabohuset til mine foreldre. Tror nok egentlig skjerfet kom til takket være nåla :)

Neste »