Cathrine

Cathrine

Velkommen inn til mine evinnelige prosjekt!

Sida det er 1000-vis av dei måtte det ein eigen side til for halde orden på dei.. Og det er ikkje fritt for at det her også er andre drypp fra livet gjennom mine auge :)

Lin, fram frå glemselen

VevOpprettet av Cathrine lø., mars 02, 2013 11:02:56
På seinhausten kjende eg behovet for å leite fram veven min igjen. Det er nemlig slik det skjer, for eg har ein liten snerten vevstol med 60 cm vevbredde og kontramarsj. Den kan eg ta fram og pakke vekk som det passar, og den har fulgt meg på flyttelasset heile vegen sida eg tok vevutdaninga 1993-95. Da var eg så heldig å få overta den for ein billig penge av skulen eg gjekk ut frå. Lurer faktisk på om det dessverre var siste året for vev der?


Men i alle fall, eg trengde meir tråd. Og det skulle være lin. Det er ikkje berre å gå i butikken å kjøpe vevtråd lenger, men ein tur innom eden gamle handarbeidsbutikken "Signy Digernes" vi er så heldige å ha her var jo verdt eit forsøk. Den har sitt gamle navn og butikkinredning inntakt -ei herlig oppleving berre å gå inom!! Ho hadde dessverre ikkje det eg skulle ha, men gode tips om kontakter var det godt med :)

Og tett før eg skulle gå kom ho på litt som låg igjen etter den gang mora dreiv butikken (og noværande driver er heller ikkje heilt ung). Så eg gjekk lykkelig derifrå med nesten 1 kg vakker veldig tynn 1-tråds halvbleika lin til ein fantastisk pris. Tråden vart vaska og nøsta opp.

Og ved hjelp av tipsa eg fekk kom også den lintråden eg var ute etter ganske raskt i posten frå Rauma :) Oppskrifta hadde eg allerede laga, så det var berre å sette igang å renne.


Når ein skal renne er det nokre få, men veldig viktige ting å huske på. Foruten at ein renner riktig lengd (så ein ikkje går ev. tom for tråd underveis) og rett antall tråder totalt, er det dette med å huske at ein skal ha skill i renninga når ein setter den opp. Dette løyser ein ved å la trådane danne eit 8-tal i ein av endane ein snur i, mens den andre enden held det å snu rundt berre ein pinne. Eit nyttig tips er også at ein fører trådane vekselvis litt i oppkant og litt i nedkant av renninga mens ein held på, så kan ein samle dei med gjevne mellomrom. Dette er for å unngå at trådane vert lenger og lenger etter kvart om ein bygger utapå dei som allerede har komt på bommen, ein vil da får trøbbel med at renninga vert slakk på eine sida i veven og det vil forplante seg til skeiv vevnad :(

Når ein skal ta ned renninga frå rennebommen er det vikting å huske å knyte for så skillet vert bevart! Og det er lurt å "flette" den ned så den ikkje flokar seg før den kjem i veven.


Neste steg er å ha i skillet der ein knytte for og å grovtre skeia for å spre renninga rett når ein skal ha den inn på veven.


Så er det å få den i veven og å hovle, tre skeia igjen og videre skal skafta knytast rett ned på veksler og trøder. Så er det endelig klart til å prøveveve. Alltid like spennende å sjå om alt vart rett og om det vart slik ein ønskte!!


Dette er dreiel over 8 skaft med korskyper som grunnbinding. Renninga er i lin natur og innslaget er den vakre tråden frå "Signy Digernes". Vidare vart det vevd løpara i ulike innslagstrådar av lin.


Veven vart klipt ned før jul, delt i dei ulike løperane og rulla på den gamle rulla etter Narves mormor. Så vart dei pakka inn og sendt til sine nye heimar som julegåver. Men ein beholdt eg sjølv :)

Om litt kan eg legge ut oppskrifta til dei som har interesse av det :)

Koselige lyder i huset

VevOpprettet av Cathrine fr., juli 22, 2011 07:58:10


Vi har tatt veven ned frå loftet igjen, Helene og ej :) He lenge hatt lyst til å veve litt igjen. Og Helene ville gjer litt anna i det labre sommerværet, så ho vart glad! Etter litt montering var den klar, -den vart pakka sammen med ei renning i da den havna på loftet. Så det heile var nokså effektivt :)

Det var ei renning som var super til å veve med filler i, tillaga for nokre år sida for at ungane skulle få lære å veve. Og no er det ein grei oppstart igjen. Nokre plastnett med gamle jarekantar, -sikkert frå den gamle trikotasjefabrikken i bygda, måtte oppnøstast klare til bruk.


Helene ,-med Thor som handtlangar innimellom, gjer ein formidabel innsats! Og litt uvamt er det å høre vevbommen slå uten at ej sitt på krakken ;) Men etter nokre fleire kjolebestillingar er ej der!!