Cathrine

Cathrine

Velkommen inn til mine evinnelige prosjekt!

Sida det er 1000-vis av dei måtte det ein eigen side til for halde orden på dei.. Og det er ikkje fritt for at det her også er andre drypp fra livet gjennom mine auge :)

Bunadselar

BroderiOpprettet av Cathrine sø., mai 05, 2013 20:16:43
Det er mykje bunad på syrommet for tida, og i dag vart selane has Narve ferdige :)


Dei er kopiar av eit av dei to para med "forlovelsesselar" etter tippoldefaren min. Dei er brodert med lynildsting. Det er ein strameiteknikk som også vert kalt florentinerbroderi eller Bargello, etter nokre broderi som vart funne i Bargello i Firenze. Desse er brodert i eit 2-tråds ullgarn med sterke fargar og det er ingen gjentaking i stripene, så tippoldemora mi har nok kost seg med å bestemme fargar underveis :) Fargane har eg funne igjen ved å leite i saumane inne i dei gamle selane. Det var ikkje lett å finne tråd som stemde både i tjukkelse og fargar da eg skulle begynne på broderia, så vi er heldige å ha ein nedarva butikk her som har ei samling av gamle trådar! Vanskelig er det også å fange slike sterke fargar med kamera og vise dei korrekt på bilder,dei er enda sterkare når ein ser dei "live".

På den brune sunnmørsbunaden skal selane knappast på buksa både framme og bak, derfor er ein avhengig av å sy dei etter at buksa er ferdig tilpassa. Derfor har broderiet fått ligge på vent i syskrinet. Men no altså buksa ferdig, manglar berre nokre forsterkingar og knappar.

Greina

BroderiOpprettet av Cathrine on., mars 06, 2013 11:33:57
Treet eg sydde for ei stund sida, frå dette innlegget, var fristande å lage maskinbroderi av. Eg valgte eit utsnitt av det, -ei litt omtegna grein. Her stingsatte eg slik at først vart markering av alle blada sydd.



Så var det ein stopp slik at eg kunne feste alle blada i dei ulike stoffrestane på rett plass med lim/vliesofix.


Deretter kunne ramma monterast i igjen og broderinga av sjølve greina og festesaumane til blada fullførast.


Dette broderiet er ein del av ein vårkjole som har blitt hengane på vent av dei siste detaljane. Kanskje når snøen er vekk?

Inspirasjon

BroderiOpprettet av Cathrine to., februar 28, 2013 19:12:31
Dette innlegget var lagt ut 31.okt 2012 på CatY-bloggen:




På spisebordet kom det for ei vekes tid sida eit stort fat med grankongler og lys. Eg yndar å gå i gammel granskog, -full av lekker og dempande grøn mose. Og å få plukke med meg heim rikelig med store kongler som leggast til tørk forran vedovnen. Og når dei vel er tørre og utsprotne kan dei få fylle eit fat og gje god hauststemning!

Nokre idear ramlar på også. Derfor vart det eit broderi som skal brukast til å gjere oppbevaringa av tennbrikettane finare :)



Siste

BroderiOpprettet av Cathrine to., februar 28, 2013 18:27:29
Dette innlegget vart lagt ut 25.des. 2011 på CatY-bloggen:

prosjekt som vart fullført før julefridagane kom var ein løpar med nissane fra Porsgrunn sitt nisseservise i korssting.


No har juleferien komt på syrommet, -så sant ej ikkje kjenner mej overrumpla av lyst til å snike mej inn ei lita stund ;)

GOD JUL alle sammen!!!

Åtteblad

BroderiOpprettet av Cathrine to., februar 28, 2013 18:08:29
Dette innlegget vart lagt ut 20.okt 2011 på CatY-bloggen:

I dag vart eit nytt broderi til. Ei ny åttebladrose. Den er 12x12 cm stor, og full av små detaljer i både saumer, ulike trådtyper og valørar.



Den spelar på 3 ulike gradar skin i tråden i tillegg til 4 ulike turkis og grønfargar. Eg har båret på denne i tankane ei stund, i tillegg til at siste spark kom da ej åpna ein pakke ej fekk i posten i dag.

Ei pakke med eit par aldeles vakre strømper. Det er Turid Hillesland som står bak kosesokkane, eller Cosy Consept. Ho har i fleire år strikka desse sjølv, men har no fått hjelp til å dekke etterspørselen.

Dei er strikka i Sisu, med andre ord tåler dei mange gode stunder og er heller ikkje sære i vask ;)


Så no har strømpene resultert i at ej kasta mej over prosjektet med å lage skjørt som passar til med åtteblad-broderiet.

Litt meir juleforberedelsar

BroderiOpprettet av Cathrine to., februar 28, 2013 17:57:29
Dette innlegget vart lagt ut 17.okt. 2011 på CatY-bloggen:

Innimellom kjoler og skjørt vert det også plass til litt småting til jula som etter kvart kjem. Må ha klart litt til minimessene startar i november, og det er ikkje så altfor lenge til ;)



I den annledning har ej laga nokre nye små broderi, har ein klar forkjærlighet for gamle norske mønstringer. Det er kjekt med nokre nye prosjekt!

Vannløyselig

BroderiOpprettet av Cathrine to., februar 28, 2013 17:55:44
Dette innlegget vart lagt ut 5.okt 2011 på CatY-bloggen:

For ei tid sida skulle ej teste ut det å brodere kun på vannløselig forsterker, slik at broderiet blir frittstående.



Brukte dobbel Gutterman Ultra Solvy for å være sikker på at det ikkje revna i forsøket, men denne Solvyen var sopass tjukk og seig ser ej at det nok hadde greid sej fint med eit lag.

Ej broderte i ei ramme på 12x12 cm, og det gjekk strålande i alle fall.









T

BroderiOpprettet av Cathrine to., februar 28, 2013 17:53:46
Dette innlegget vart lagt ut 29.sept 2011 på CatY-bloggen:

Korssting har ein egen sjarme, og no har ej jobba litt med å gjere eit bilde av ein vakker T om til korsstingsbroderi.




Vart eit flott resultat, og kjekt arbeid var det også!

Neste »