Cathrine

Cathrine

Velkommen inn til mine evinnelige prosjekt!

Sida det er 1000-vis av dei måtte det ein eigen side til for halde orden på dei.. Og det er ikkje fritt for at det her også er andre drypp fra livet gjennom mine auge :)

Storm

Ulike puslerierOpprettet av Cathrine fr., november 25, 2011 22:38:30
Med mannen på jobb i stormen er det pussig å få oppdateringer frå ulike hold...


----------
NRK melder:

Stengt i Nordsjøen

Statoil tok følgene av de skumle utsiktene og valgte fredag å sende folk hjem fra Nordsjøen da selskapet forventet bølger som i gjennomsnitt er 18 meter med bølgetopper opp til 36 meter.

Produksjonen er nå stengt på Åsgård A, Heidrun og Njård ute i Nordsjøen.

----------


Hmm, min mann er i alle fall ute på jobb på Njord for øyeblikket og tidligar i ettermiddag sende han dette situasjonsbildet. Fasinerande!! For eit herlig lys!! Her heime har det vore heilt mørkt i heile dag, kun masse lyn som har lyst opp ;) Og bølgene virkar så heilt annerledes der ute enn her inne i ein fjord kor dei slår mot land.






Veivisar

Ulike puslerierOpprettet av Cathrine lø., oktober 22, 2011 21:03:23
No vert det endelig lett å finne badedøra nede i full fart om nøden er stor ;)



Den Julianske borg

Ulike puslerierOpprettet av Cathrine sø., juni 26, 2011 16:36:18

I går tok vi endelig turen opp til Ørsta sitt mest verdifulle fortidsminne


Den Julianske borg er ein av to Trojaborger som ligg på Daleheia ved Grøthornet. Ein Trojaborg er ein steinsatt labyrint som skriv sej tilbake til bronsealderen og starten av eldre jernalder, altså mellom år 1500 f.kr og år 0. Dei er den tidligste kjende formen for labyrintar, og er lagt med ein rekke steinar i eit bestemt mønster. I Skandinavia er det registrert fleir enn 300 slike Trojaborger, flesteparten i Sverige. Desse Trojaborgene på Vartdal er dei einaste ein kjenner til mellom Finnmarkskysten og Hvaler i Østfold. Det som gjer nettopp Den Julianske borg og Isflånaborga, som den andre vert kalt, så unike er beliggenheita. Alle andre Trojaborger som er funne ligg nede på flate strandlinjer ved sjøen, mens desse ligg 900 m over havet!


Vi starta i fint vær, men på vei opp vart det ganske tett skodde. Stien opp gjennom skogen var grei nok å finne, men opp over tregrensa var det nokså glissent mellom merka. Og skodda gjorde det ikkje akkurat enklare å finne dei. Da var det greit å ha satt sej inn i kor stien skulle gå, i tillegg til at vi var nokså bestemt på å skulle finne borga ;) På toppen var ikkje all snøen smelta så da vart det eit nytt spenningsmoment. Var den kanskje fortsatt dekt med snø?

Narve gjekk rundt snøen for å sjekke. Og javisst, hadde vi hellet med oss :) For like bortafor eit stort felt med snø låg den, "Den Julianske borg"!


Ein Trojaborg er bygd opp slik at når ein når målet i senter har ein vore gjennom heile formasjonen. Der er med andre ord ingen blindvegar, berre ein sammanhengande sti. Det heiter sej at om ein greide å følge heile stien uten feil heile vegen til senter og ut igjen ville det bringe lykke, og det motsatt om ein skulle være så uheldig å krysse steinane.


Det er ein rekke teoriar rundt Trojaborger og om dette vekte di interesse er det litt om det her, her og her.

Og om du vurderar det så er den tre km lange turen opp med bra stigning absolutt verdt det!!!! Vi brukte rundt 5 timer på dei 6 km, og da var Thor på 3 år med og gikk sjølv :)

Narve har laga eit digitalt spor, skal legge link til dette når han snart kjem frå skituren sin



Essensen av i dag

Ulike puslerierOpprettet av Cathrine lø., april 30, 2011 20:16:44

Vi nyter strålande vårdagar ute. Appelsinene etter påske vart marmelade, herlig når arbeidet kan skje ute, blåbærlyngen står i blomst på åsen, ein kjole til ei som skal gjeste ein konfirmasjon er på vei i posten og kjøkkenhagen vert ny igjen ein dag av gangen :)

Gårsdagens bord

Ulike puslerierOpprettet av Cathrine sø., april 17, 2011 13:06:51
Vi feira husets herre i går og som vanlig fe ej bruke litt tid til å kose mej med bordpynting :) Narve og Thor hadde vore avgårde tidlig og kappa greiner som stod å tørka opp etter rikelig med regnskyllar da ej stod opp for andre gong. Narve hadde tenkt sej eit fletteprosjekt til mej, men greinene var nok ikkje mjuke nok til det enda så ej gjekk for eit sveveprosjekt.


Det har ej ikkje prøvd på denne måten før. La greiner med litt overlapp til passe lengde klare, to i bredde -og da også kvar sin vei med toppen for styrke, og vikla streng stramt rundt i heile lengda. Laga mej tre slike "remser". Kappa nokre greine og la diagonalt for å halde avstanden ej ville ha mellom remsene i bredda. Så kappa ej greinstumpar, i den høgda ej ville det skulle sveve, til å sette i vasar slik at det holdt remsene oppe. Lurt å ha ein v oppe, altså kappa litt over der ei sidegrein kjem ut. Da er det berre å legge remsene oppi.


Så fekk vasene som holdt greineneremsene oppe ein tulipan i kvar. Greit å plassere vasene litt "tilfeldig" utover for å skape liv og unngå at det vert for systematisk.


Til slutt festa ej chilli i greinene og grupperte litt mandariner nede på bordet, he som alltid ein tendens til å bruke litt etande til å pynte borda. Funkar fint som dessert, nattmat eller snusking for små og store. Så det kan være nokså variabelt ka som er igjen av bordpynten etterpå ;)

Greinen og vasene er eit supert utgangspunkt som kan brukast både til eit bord med eit naturlig preg fullt av markblomstra i alle slags fargar, eller eit strammare bord med toniton fargar, eller, eller.. Fullt av muligheiter å leike sej med :)

Syklar til overs, no berre ein til overs

Ulike puslerierOpprettet av Cathrine ti., april 12, 2011 18:23:38
Vi har no ein sykkel til overs -nyvaska og nysmurt, og om nokre kan bruke den og vil ha den vert vi glade :)

Det er ein 20" jentesykkel med bakbrems på pedal og 3 gir:

Sykkelen er i Ørsta, og om du ikkje veit kor du når mej er det berre å legge igjen ein beskjed under.

Ut på tur

Ulike puslerierOpprettet av Cathrine to., januar 13, 2011 15:41:39
Med det fantastiske vinterværet og sparkføret vi har for tida fe dei gamle sparkane med "ferdig sving" verkeleg kvitta sej med litt meierust og lagringsstøv frå i fjor :)

Og for å få med litt energipåfyll og plass til å lagre jakke for varme mellomstore sparkara er korga ej fekk til jul super!!


Den er nok heilt tilfeldig utplukka til mej? Hi hi. Den er selvfølgelig beregna til sykkelen, men å vente på sommerføre hadde ikkje ej tenkt til :) Det er berre å fylle på med appelsiner, vatn og ei lita konfektøske gjømt på botnen under fotoapparatet som stort sett være med mej ;). Den er stor og kjekk, så det er fortsatt rikelig plass til jakkene til dei som sparkar sej varme.


På disse bilda gjekk turen (for dei som er kjent her) til Hovdevatnet og vidare ned til Digerneset og heim. Turen ned til Digerneset er super for dei som vil ha bakker fulle av smil og latter, -og bremsefoten på lur :)

Tusen takk for korga, kjære du!! :) Den er perfekt

Klar :)

Ulike puslerierOpprettet av Cathrine on., desember 22, 2010 00:56:11
Da er dei siste gavene pakka inn,


siste innkjøpa gjort.

Herlig!

No skal vi berre kose oss her heime, og rundt omkring ;)

Ute snør det lett, og alt er stilt.

God natt


« ForrigeNeste »