Cathrine

Cathrine

Velkommen inn til mine evinnelige prosjekt!

Sida det er 1000-vis av dei måtte det ein eigen side til for halde orden på dei.. Og det er ikkje fritt for at det her også er andre drypp fra livet gjennom mine auge :)

Raudøya

Ulike puslerierOpprettet av Cathrine ti., mai 14, 2013 20:29:15
Dei to siste dagane har vi arrangert klassetur for klassa til jr.midtimellom, på den einaste øya i kommunen vår. I dag var det min tur å ha "vakt". Og som vanlig var det fantastisk deilig å komme ut på Raudøya, -ei lita reise i tid og fargar :)

(hadde dessverre ikkje med kameraet, så det blei mobilbilder med litt så som så gjengiving) Trykk på bilda så vert dei større nede under dei små



Det er noko heilt eget med desse gamle fargane! Og dei var ikkje redd for å bruke dei heller, før dei etter kvart vart skjult bak nye lag med lysare fargar ;)

Ein gjeng med elevar frå ungdomsskulen gjer ein flott innsats med å forsøke å føre tilbake og halde ved like her ute. Og eg håper dei kan greie å redde huset også før det vert heilt ødelagt av tidens tann m. flittige hjelpara som bryt seg inn og sørger for at forfallet går raskare, -dessverre

Kurs

Ulike puslerierOpprettet av Cathrine to., februar 28, 2013 19:11:05
Dette innlegget var lagt ut 28.okt. 2012 på CatY-bloggen:


Det skjer mykje på syrommet for tida :)



Og dei siste vekene har eg kursa ein liten gjeng med ferske sylystne damer gjennom Ørsta husflidslag. Etter å ha gjort seg kjend med det viktigste på symaskinene sine var første utfordring enkle veskemodeller. Dei stod sjølv fritt til å velge stoff og ev. dekor, men modellen var gitt, den skulle også forast og ha lommer. Damene gjekk laus og resultata lot ikkje vente på seg, for med litt heimeinnsats var dette nokre av veskene dei kom med da vi samlast neste gongen.


No er dei i full gong med neste utfordring.

Bruk på nytt

Ulike puslerierOpprettet av Cathrine to., februar 28, 2013 18:20:17
Dette innlegget vart lagt ut 22.nov. 2011 på CatY-bloggen:

Ej har eit spann med skattar, -dvs ej har mange spann og bokser med skattar ;) Men akkurat dette spannet er fullt av sykkelslangar. Brukte sykkelslangar. Med ein mann som legg bak sej nokre mil på ulike syklar er det ikkje fritt for at det vert nokre slangar til overs innimellom.



Og det nyt ej godt av ;) Så no er ej i gong med eit nytt sykkelslange-prosjekt. Ej har hatt nokre tidligare, men denne gongen skal mannen få noke tilbake for å halde mej med materiale. Men akkurat no stoppa det opp i fordi ej var tom for den perfekte glidelåsen. Men den kjem i posten om ikkje altfor brått

Onsdagsfargar

Ulike puslerierOpprettet av Cathrine on., mars 28, 2012 21:56:22

I stovevinduet svever fullt av egg. Mange av dei med stor overvekt av Thors yndlingsfarge, -grøn. Var berre så vidt han kunne snike inn litt andre farger på nokre.

Og i sofakroken er vårputa, som har leie halvsydd og venta, endelig ferdig :)



Tirsdagsfargar

Ulike puslerierOpprettet av Cathrine ti., mars 27, 2012 13:49:25
Også fuglane får litt fargar :)



Dette fuglehuset har stått inne i vinter, på vent av å få den rette plassen. Det skulle egentlig få komme ut i hyttatomta, etter kvart som der var ferdig rydda. Men no passa det så veldig akkurat her på gjerdet i kjøkkenhagen, bak den oppstamma rhododendroen. For i den likar småfuglane sej godt :)

Kanskje er vi heldige å får leigeboara, ikkje det at fuglane bryr sej om fargane.

Huset er ej så heldig å ha fått fra Marita Bett og er perfekt for mej som yndar turkis, raud og gamalt treverk -for taket er gjenbruk :)


Mandagsfargar

Ulike puslerierOpprettet av Cathrine ti., mars 27, 2012 13:33:29


Med våren kjem meir fargar.
Nye fargar,
ej vert oppmerksom på dei som allerede er der og he behov for enda fleire fargar.
Fort.
Fortare enn naturen kan framskaffe nokre gongar.
Da er det berre å ta saken i egne hender :)

Så utfor døra ser det no slik ut:



Kos

Ulike puslerierOpprettet av Cathrine sø., desember 25, 2011 12:48:13
Her tar vi juledagane som dei kjem. Pynten har komt på plass, -sjølv på mej ;)


Narve benytta annledninga til å forevige synet alle flira av kvar gong. Min årlige tradisjon med å vikle mej fullt av lysande julelys rund halsen, -som ei missforstått Lucia..

Men det er nokså praktisk både når det gjeld å ha oversikt over om alle lys funkar underveis og å unngå å floke sammen hundrevis av små lys på vei rundt juletreet. Bra for humøret er det også med ein slik lyskur ;)

GOD JUL alle sammen!!

Vinterland :)

Ulike puslerierOpprettet av Cathrine sø., desember 18, 2011 15:46:31
Og endelig kom snøen dalande igjen, til glede for store og små. Nokså effektivt var vi omringa av snømenn da vi var ute og støypte julelysa i gårkveld :)


Og juletrejakta hadde herlig vinterstemning i dag. Thor kom fornøgd derifra med sitt eget lille juletre, som han hadde saga ned sjølv :)



Neste »