Cathrine

Cathrine

Velkommen inn til mine evinnelige prosjekt!

Sida det er 1000-vis av dei måtte det ein eigen side til for halde orden på dei.. Og det er ikkje fritt for at det her også er andre drypp fra livet gjennom mine auge :)

Bestemorteppet

HeklingOpprettet av Cathrine fr., mai 04, 2012 17:00:56


Vi har hatt eit hekleprosjekt på gang i fellesskap her heime. Gard og Helene ville lære og øve seg på å hekle ute på hytta sist sommer. Så da vart "prosjekt Bestemorteppe" starta opp. Så i trekvart års tid har vi no hekla nokre ruter innimellom, men det er nok ikkje fritt for at det iikje har vore heilt jamn arbeidsfordeling ;)

Vi har brukt både restar og nytt av tjukkelse som ulike merker babyull og sisu på heklakrok nr 3. Kvar rute har 18 omg med ulike fargar og i tillegg 2 omg natur, og etter at rutene var plassert av Thor og Helene hekla eg det sammen. Til slutt fekk teppet 2 omg natur og 1 omg grøn (bestemt av Thor).

Teppet er 130x200 , og det gjekk med 1,4 kg garn

Stor og liten

HeklingOpprettet av Cathrine lø., desember 04, 2010 21:30:45
-i alle fall mindre.

I dag vart to raude huer ferdige. Dei vart laga mens ej stilte ut i Julegata i Moloveien og på husflidslaget si minimesse i går og i dag.

Dei er begge laga ut frå samme "lest", ein kombinasjo av hekling og strikk. Med 100 gram ullgarn (75m pr 50gr) og heklakrok 5 og liten rundpinne 3,5.



Helene si er laga slik:

Start med heklakrokk nr 5
4 luftmaskeri en sirkel
1. omg: 12 stavar i sirkelen (da består den første av tre luftmasker)
2. omg: 2 stavar i kvar =24 stavar
3. omg: *1 stav i første, 2 stavar i neste*, gjenta. =36 stavar
4. omg: *1 stav i første, 1 stav i andre, 2 stavar i tredje*, gjenta.
5. omg: *1 stav i første, 1 stav i andre, 1 stav i tredje, 2 stavar i fjerde*, gjenta.
6. omg: som over , men auk i femte ut omg.
7. omg: auk i 11.
8. omg: auk i 15.
9. omg: auk i 20.
10. omg: auk i 25.
11. omg: auk i 25.
12. omg: auk i 25.
13. omg: auk i 25.

Bytt til liten strømpepinne nr 3,5
Plukk opp i maske i hver heile veien rundt (vert drøye 100 masker). Fell så ned til 84 masker på neste omg, samtidig som det strikkes 2 rette og 2 vrange. Fortsett slik til bråtet er 6-7 cm, og fell av.

Hekl ein kant av ein kvit rest. Ej hekla slik: *4 fastmasker, 3 luftmasker, 1 fastmaske i 1. luftmaske* gjenta slik rundt heile.



Mi er lik bortsett frå at den har 3 omg til med hekling:
14. omg: auk i 25.
15. omg: ingen auking
16. omg: ingen auking

Bråtet fellast ned til 92 masker og vart 7-8 cm breidt, ellers er den laga som Helene si (som ca str 12 år)



Etterpå sydde ej på litt pynt frå eit strikka ullstoff ej he tova litt, detaljen på mi hue he fått eit broderi innspirert frå min tippoldefars bukseseler ("Det var ein gang" på CatY)














Litt fiskehermetikk, eller..

HeklingOpprettet av Cathrine to., mars 04, 2010 15:37:56
ein kjempekjekk plass å bevare hekleri i?



For det var der i ein Bjellandsboks at "Gamlemor" (som vi kalte mor/svigermor til mine reservebesteforeldre i nabohuset heime) oppbevarte sine tynne heklakroker, ei lita saks og små nøster. Mi erindring av henne var at hon brukte å sitte borte i stolen sin atmed vinduet med handarbeidet sitt. Ho hekla nydelige små brikker til å ha mellom koppen og tefatet, beskyttere til å ha nede på glass, små brikker og andre nette ting.



Den tjukkaste heklakroken -2,5- kom i bruk allerede nokre dagar etter at ej fekk dette skrinet. Den skulle hjelpe mej å lage nokre blomstra som skulle på ein kjole som var bestillt.


Blomstrane er for lengst ferdig, kjolen like så, -men skrinet har fått plass i vinduskarmen inne på det midlertidige syrommet mitt :)

Tidlig ute!!

HeklingOpprettet av Cathrine lø., januar 02, 2010 17:53:32
E faktisk sjokka over mej sjøl, -for ej he jammen komt i gong med julegavene!! Såg noke fint og nett ej ville prøve. Og det passa så fint om julegave. Sida vi akkurat e ferdige med den biten, skal dei få ligge litt på lad til neste annledning.




Dessuten e det greit å være ovenpå ei stund ;)

Hjertelig

HeklingOpprettet av Cathrine on., desember 09, 2009 12:13:59
Konglegreina vi fann ein dag er full av hjerte ej hekla før Helene var fødd, så dei er over 11 år no


Narve laga ballast i enden på greina slik at den kan ligge utføre oppå skapet. Hjerta lærte ej å hekle av bestemora dei to eldste arvingane. Det einaste ej kunne hekle den gongen ;)


No når ej he litt sofafri (altså fri til å sitte i den smiley) kika ej innom Drops si oppskriftside og ka fann ej da, -jo der var hjerta mine. Så for dei som vil ha noke enkelt, raskt og julete å pusle med er oppskrifta her.

Oldemor-ruter

HeklingOpprettet av Cathrine sø., november 01, 2009 19:48:14
Årets tredje julegave er på vei, tror jeg ;) Tror - fordi disse rutene er så annvendelige at jeg kan finne på å prosjektere dei om underveis. Hmm, skal sjå når det nærmar sej


Disse er i akkurat min form for fargekræsj, og vart påstarta på hytta i helga :)

Hekleri heklera

HeklingOpprettet av Cathrine lø., august 29, 2009 20:04:01
I dag he ej hekla litt. Godt å gjere noke anna, har blitt mykje saum i det siste.

Men ikkje bare heilt i det blå... D e nok til ei lita bestilling lenger nede på lista. Måtte berre ta litt fri fra symaskina :)



Dei e grei å hekle og veldig effektfulle når dei kjem på som detaljar på kjolane.

Ha ein fortsatt strålande laurdagskveld, ej ska visst snart bli få ein kulinarisk opplevelse tilberedt av Birkebeinaren min ;) Gler mej!!

Rundt sitteunderlag

HeklingOpprettet av Cathrine to., mai 21, 2009 15:38:14
He laga ferdig eit sitteunderlag ej he hatt liggande ei god stund. Viktig å ha litt liggande til stunder ein ikkje he noke å gjer.... smiley Og no passa det dessuten bra inn..



Veldig greit med ei lukking når det ska på tur.





Det e hekla etter samme prinsippet som gryteklutane mine, men tek økinga litt på sparket. Kjem jo litt ann på trådrestane ej putta inni. E hekla med dobbelt ullgarn (superwash) på krok nr 6.


Ska nok få varme en ende ditta etter kvart.

Neste »