Cathrine

Cathrine

Velkommen inn til mine evinnelige prosjekt!

Sida det er 1000-vis av dei måtte det ein eigen side til for halde orden på dei.. Og det er ikkje fritt for at det her også er andre drypp fra livet gjennom mine auge :)

Alle fugler små dei er

Div. hobbyOpprettet av Cathrine fr., februar 17, 2012 19:33:07
Vårlengten kjem meir og meir over oss, -det vil sei mej, for her er delte meininger i huset :) Men i alle fall lagde Thor og ej vårfuglar i dag.




No flyg dei så fint i vinduet og ser ned over fastelavensriset vi lagde til pynt på spisebordet i går. Nokre flyg også omkring i kjøkkenvinduet.

Dei er laga av tynn kartong. Vi har skore hol til å lime silkepapir på magen, så dei vert ekstra fine når dagslyset skin igjennom dei.

Ta eit strå og tre dom på...

Div. hobbyOpprettet av Cathrine fr., desember 16, 2011 10:49:34

Litt seint på året kanskje, men nokre gongar tar det litt tid før ting vert sett ut i live. Små bær av cernit er tredd inn på smykkewire og herda i ovnen. Smykket er ikkje langt, rekk berre rett nedom halsgropa.

Og ej måtte selvfølgelig lage mej ein enkel ring i samme renna, ein knappering etter eit dykk ned i ein av knappeboksene ;)



Enda ei hue

Div. hobbyOpprettet av Cathrine on., januar 19, 2011 21:02:54
Det var kjekt å kombinere hekling og strikking til hue.


Så før jul vart det enda ei. Ei som skulle passe til eit par vottar. Ej hekla etter samme oppskrifta som ej laga her, men ej hekla berre dei 10-11 første omgangane og strikka eit lengre "bråt". Da fekk hua ei litt anna fasong, ikkje den alpelueaktige som dei raude i oppskrifta. I tillegg fekk hua ein oransj heklakant og ein heklablomst i tre lag oransj/raud/mørkeraud.

Hadde i grunnen lyst til å behalde den sjølv. Kven veit, -kanskje ej snart lagar ein til ;)

Prosjekt Knerten, igjen

Div. hobbyOpprettet av Cathrine to., juli 15, 2010 19:47:40
I dag skulle Knerten ha sej seng, syntes Thor. Og klart han kunne få det :)

Så vi gjekk ned i "garasja" og skulle finne tilfong. Men der hadde han pappa rydda so godt at det vart berre å gje opp. Men gutten var ikkje rådalaus fordet om. Det var jo berre å fare på trelasten, slik som pappa bruka gjer :)

Ja, det kunne vi jo. "Skal berre inn og hente bilnøklane og pengane ej da :)" Men nei, vi skulle sykle! Det vil sej Thor skulle ha trehjulssykkelen slik at han fekk plass til lasta og ej skulle gå atmed og passe på. He he, og slik vart det selvfølgelig. Ken kan sei nei til eit slikt "tilbud" ;)




En time og tre kvarter etter var vi tilbake. Det var også Knerten, som hadde fått ligge trygt surra atmed materialen til senga si bakpå sykkelen.



Etter å ha bora og skrudd litt var senga klar for maling, -noke sparkling og pussing kom ikkje på tale. Knerten måtte jo ha ei malingstørr seng å ligge i til natta!! Så slik vart det nok ein gong ;) Eigeninnsatsen står det i alle fall respekt av!

Og så måtte det pute og dyne til, og det skulle være båt på! Klart det :)




Så da stod den klar da, senga, når Knerten og Thor skulle legg sej. Thor i si seng og Knerten i sin -på golvet, trygt atmed Thor sin :)



Natta Knerten!!

"Søte drømmer"

Div. hobbyOpprettet av Cathrine sø., juni 06, 2010 21:47:08
Her ein dag koste ej mej og laga nokre nye øredobbar. Kjekt, for ej he lenge hatt lyst til å prøve å lage nokre slike.



Nokre knappar, enkle små øredobbar og limpistol, og vips ;)

Knappane er frå gamle kvite sengeklede. Dei var trekt med kvitt stoff og he metallforsterking rundt hola. Dei har fått sej nokre omgangar med "vanish" og rikelig skyllevatn før dei skulle få nytt liv.


Så da måtte dei berre heite "søte drømmer" :)

Ej he blitt veldig glad i mitt par!

Rammelim

Div. hobbyOpprettet av Cathrine on., april 21, 2010 22:47:38
I påska fekk ej endelig tak i rammelim :) Dette er noko ej he hatt lyst til å prøve ei stund!!! Det er eit medium som gjer at ein kan overføre trykk frå papir til tekstil. Og det viktigaste av alt -det tåler vask!!!

Billedlig fortalt fungerar det slik:


Og det endelige resultatet vart slik:


Har allerede testa ut holdbarheita med å kjøre nokre lappar samman med klesvasken i maskina. Fungerte flott :)

Dette vert det meir av, må berre finne eit døgn med fleire timar først ;)


Årgangsreklame

Div. hobbyOpprettet av Cathrine sø., mars 28, 2010 20:57:27
Ej tar innimellom fram nokre gamle blad fra ei kasse ej har på loftet. Berre eit par av gangen i ny og ne, -for å kose mej med fornøyelig språk, artikler, moter, reklamer og "samfunnsregler".

Resulterer i alt fra latter eller ettertanke til innspirasjon. Mange kjekke stunder blir det ut av denne kassa med assorterte blad frå 50- og 60-åra.

I eit blad fann ej nokre reklamer frå lokalmiljøet.


Her ein for Konvall undertøy fra Møre trikotasje. Den fabrikken ligg berre eit steinkast eller to herfra, men huser i dag slett ingen undertøy. Bortsett fra det dei har på sej dei som jobbar på laboratoriet og fremstiller sunne remedier for kropp og sjel ;)


Og dette er ein for ein møbelfabrikk i nærheita.

Litt artig var det egentlig å komme over desse no berre kort tid etter at det var arrangert ein kveld i Aasentunet med tilbakeblikk på industrien i bygda. Var ikkje der sjølv, men fekk lese litt i nokre av papira derifra.

Noken som veit forskjellen på syersker, syjomfruer og sypiker? Hi hi :) Dette var nemlig stillingstitler på damer under eit arbeidermantall i ein av bedriftene var delt opp i rundt århundreskiftet.

Nytt leiketøy

Div. hobbyOpprettet av Cathrine fr., mars 19, 2010 22:27:44
og det er så gøy!!! Har endelig tatt mot til mej og kjøpt mej "tegnebrett", -dvs ej satte Narve til å finne ut og bestille ka for ei ej burde ha ;)




Fekk den for nokre dagar sida, men den har fått vente på ein meir opplagt kveld. Og det var ej i dag.

Så etter å ha lært litt om innstilling opp mot photoshop på youtube måtte ej berre teste litt. Vart eit nytt bilde i headingen på Kjøkkenkosbloggen vår/min ;) Gjenspeilar mykje meir personligheit no!!

Morsomt å begynde å meistre det å jobbe i lag på lag, inn- og utklipping og fleir verktøy. Da er det uante muligheiter der ute. Men for all del, -ennda ein lang veg å gå før ej føler ej har god nok kontroll ;)


Og for dei som dreg kjensel på nokre av mønstra her, -ja, dei er henta frå nokre av stoffskattane mine :)

Neste »